Hildre Montessoriskule søkjer reinhaldar i 50 % fast stilling
Hildredalsvegen 40, 6272 Hildre
Sign in to auto-apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Hildre Montessoriskule søkjer ein påliteleg og strukturert reinhaldar til ei fast 50 % stilling. Som vår nye reinhaldar vil du få ansvaret for å halde lokala ved både skulen og barnehagen reine, trygge og trivelege for våre elevar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald av skule- og barnehagelokale.
- Utføre periodisk reinhald og hovudreinhald.
- Følgje opp etablerte reinhaldsplanar og rutinar.
- Vedlikehald og oppfølging av reinhaldsutstyr.
- Samarbeid med leiing og tilsette om praktiske behov knytt til bygget.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reinhaldsarbeid er ønskjeleg.
- Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Du må ha gode norskkunnskapar.
- Du er sjølvstendig, ansvarsfull og har auge for detaljar.
- Du trivst i eit miljø med barn og unge.
Vi tilbyr ei fast stilling i eit inkluderande arbeidsmiljø med meiningsfulle oppgåver. Lønn vert avtalt etter kvalifikasjonar, og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Søknad med CV kan sendast til Steffen André Kråkenes på e-post steffen.krakenes@hildreskule.no innan 21. september.
Krav
- Du må ha gode norskkunnskapar.
- Erfaring frå reinhaldsarbeid er ønskjeleg.
- Du må vere sjølvstendig, strukturert og ansvarsfull.
- Du må kunne leggje fram godkjend politiattest ved tilsetjing.
Ferdigheter
Lønn
Lønn etter avtale
Erfaring
mid-level