Autosøk
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane logo

Vert Sogn og Fjordane kunstmuseum

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Storehagen 1A, 6800 Førde

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane søkjer to helgevertar til Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. Som vert får du ei viktig rolle i å ta imot besøkande og formidle kunstopplevingar i eit av dei mest markante byggverka i byen.

Arbeidsoppgåver

Som helgevert vil du ha varierte oppgåver knytt til den daglege drifta av museet, både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer:

  • Ta imot publikum og yte god service i resepsjonen, inkludert billettsal og telefonhandtering.
  • Drifte butikk og kafé, inkludert sal og varehandtering.
  • Publisere innhald i museet sine sosiale medium.
  • Informere besøkande om utstillingane.
  • Utføre enkle administrative oppgåver samt reinhald og skjøtsel inne og ute.

Kvalifikasjonar

  • Du må vere fylt 18 år.
  • Du må meistre norsk og engelsk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Du har interesse for kunsthistorie og formidling.
  • Du er ansvarsbevisst, proaktiv og har god ordenssans.
  • Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og er ein god lagspelar.

Stillingane er vikariat i deltidsstillingar med oppstart frå november og utover vinteren og våren 2027. Arbeidstida følgjer vaktplan i museet si opningstid (tysdag–søndag), med behov for helgearbeid og enkelte ettermiddagar, samt moglegheit for vakter ved arrangement.

For nærare opplysningar, kontakt museumsleiar Mayra Henriquez på telefon 995 18 580 eller e-post mayhen@misf.no.

Krav

  • Du må vere fylt 18 år.
  • Du må meistre norsk og engelsk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha interesse for kunsthistorie og formidling.
  • Du må vere ansvarsbevisst, proaktiv og ha god ordenssans.

Ferdigheter

VertskapsrolleKundeserviceBillettsalSosiale medium (SoMe)FormidlingVarehandtering

Erfaring

entry-level

Lignende jobber