Kvinnheringen AS søkjer ein engasjert og nysgjerrig journalist til ei fast 100 % stilling ved vårt kontor på Husnes. Som den største lokalavisa i Kvinnherad har vi som mål å levera kritisk, uavhengig og god journalistikk som engasjerer lesarane våre kvar dag.
Arbeidsoppgåver
Som journalist hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med stor fridom under ansvar. Du vil jobba med alt frå politikk og næringsliv til kultur og sport, og vi legg vekt på at du er idérik og produktiv.
- Produsera innhald for våre digitale flater.
- Skriva artiklar, fotografera og laga video med mobil.
- Bidra til at Kvinnheringen held fram den sterke digitale veksten.
Kvalifikasjonar
- Du er nysgjerrig, har teft for nyhende og likar å jobba med folk.
- Du har god digital kompetanse og kjennskap til bruk av KI i journalistikken.
- Du meistrar nynorsk skriftleg.
- Du har førarkort og disponerer eigen bil.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø i vakre Kvinnherad med gode ordningar som sletta studielån og billig barnehageplass.
- Tilgang på bransjeleiande verktøy og teknologi gjennom Amedia.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
- Trening i arbeidstida og mobiltelefon.
Vi ser etter deg som kan starta i stillinga over nyttår. Send oss din søknad med CV og referansar innan 15. november. For spørsmål om stillinga, kontakt redaktør Mona Grønningen på e-post mona@kvinnheringen.no eller telefon 99224355.