Lokal Sikkerheit Rehabilitering ved Helse Bergen HF søker ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar til ei fast 25 % helgestilling på natt. Stillinga er knytt til vår nye lukka sengepost i Sandviken, som tilbyr spesialisert behandling innan sikkerheitspsykiatri.
Om stillinga
Som sjukepleiar eller vernepleiar hos oss vil du jobbe i eit tverrfagleg team med fokus på tryggleik, stabilisering og rehabilitering av pasientar. Stillinga inneber langvakter om lag kvar fjerde helg. Du får moglegheita til å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod i eit fagmiljø prega av samarbeid og høg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø.
- Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding.
- Ansvarsvakt og medikamenthandtering.
- Bidra til ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg og gode grenser.
- Tverrfagleg samarbeid og aktivisering av pasientar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Relevant erfaring med pasientgruppa er påkravd.
- Gode norskkunnskapar (minimum B2/NOR-U3 for ikkje-nordiske statsborgarar).
- Erfaring frå psykisk helsevern eller rusbehandling er ønskeleg.
- Vandelsattest må leggast fram før tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit spennande fagmiljø med fokus på utvikling.
- Særtillegg på 15 000 kroner per år.
- Løn etter gjeldande overeinskomst.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.