
Vil du vere med å forme framtidas digitale tenester for offentleg sektor?
Statsforvalterens fellestjenester (STAF)
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen, Bergen, Oslo, Sogndal
IT-jobber i Bergen- søknader
- 3 søknader
- visninger
- 37 visninger
- Frist
- Frist: 12 dager igjen
Logg inn for å bruke Auto-Apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Vil du vere med å forme framtidas digitale tenester for offentleg sektor? Statsforvalterens fellestjenester (STAF) søker ein UX- og interaksjonsdesignar som vil vere med å skape betre brukaropplevingar, enklare arbeidsprosessar og meir samanhengande digitale tenester for offentleg sektor.
I STAF utviklar vi digitale fellesløysingar for alle dei ti statsforvaltarane i landet. Vi ser etter deg som brenn for brukarsentrert design, som trivst i tverrfaglege team, og som ønskjer å gjere komplekse problem enkle å forstå og bruke.
Dette engasjementet gir deg høve til å arbeide med heile designprosessen, frå innsikt og brukartesting til prototypar og ferdige løysingar. Du vil samarbeide tett med utviklarar, arkitektar, prosjektleiarar og fagressursar, og få høve til å påverke utviklinga av sentrale digitale tenester for offentleg sektor.
Stillinga er eit 12 månaders engasjement. Arbeidsstad er i Bergen eller Leikanger. Arbeidsstad i Oslo kan vurderast.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggje og forstå brukarbehov, arbeidsprosessar og informasjonsflyt
- Omforme innsikt til brukarreiser, arbeidsflytar og digitale løysingar
- Lage skisser, wireframes og klikkbare prototypar som grunnlag for utvikling
- Planleggje og gjennomføre brukartesting, intervju og workshopar
- Bidra til vidareutvikling av designsystem, designprinsipp og arbeidsmetodar
- Identifisere felles behov og sikre samanheng på tvers av tenester og fagområder
- Sikre at løysingane er universelt utforma og tilgjengelege for alle
- Samarbeide tett med utviklarar, arkitektar, prosjektleiarar og fagressursar gjennom heile utviklingsløpet
Kvalifikasjonar
Du har erfaring med å utvikle digitale tenester basert på brukarane sine behov og trivst i skjæringspunktet mellom menneske, teknologi og forretning.
Du må ha:
- Minimum treårig høgare utdanning innan relevant fagområde
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
- Erfaring som UX/interaksjonsdesignar
- God kjennskap til brukersentrerte metoder, designprosesser og -verktøy
- Kunnskap om universell utforming (WCAG)
- SVært gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Det er ein fordel om du òg har:
- Dokumentert fagleg oppdatering, vidareutdanning eller sertifiseringar innan UX/design
- Ei portefølje som viser arbeid med brukarsentrert design
- Erfaring med Figma eller tilsvarande verktøy
- Erfaring frå smidige utviklingsprosessar
- God teknologiforståing
- Kunnskap om offentleg forvaltning
Vi søker deg som
- Trivst med samarbeid og kommuniserer godt med ulike fagmiljø
- Evner å setje deg raskt inn i komplekse problemstillingar og sjå samanhengar
- Arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
- Tek initiativ og bidreg til framdrift
- Trivst i ein kvardag der ikkje alle svara er gitte på førehand
Vi tilbyr
- Moglegheit til å arbeide med viktige samfunnsoppgåver som gjer ein forskjell for menneske
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg utvikling og jamleg kompetanseheving
- Eit arbeidsmiljø der vi deler kompetanse og finn gode løysingar saman
- Ein trygg og stabil arbeidsgivar, med fleksibel arbeidstid og sommartid
- Moglegheit for delvis heimekontor
- Trening i arbeidstida
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), med ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i landet og gunstige bustadlån
- Inkluderande arbeidsplass
Det er seks månaders prøvetid. Løn frå 692 400 til 880 000 kroner, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Søknad
Søk på stillinga og last opp vitnemål og attestar. Vi ber deg hente vitnemål frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Dersom du har spørsmål, kan du kontakte Elin Ljones på telefon 47835754.
Krav
- Minimum treårig høgare utdanning innan relevant fagområde
- Erfaring som UX/interaksjonsdesignar
- God kjennskap til brukersentrerte metoder, designprosesser og -verktøy
Ferdigheter
Lønn
frå 692 400 til 880 000 kroner
Erfaring
senior
Spørsmål og svar
Hvem er Statsforvalterens fellestjenester (STAF)?
- Ansatte
- 200
- Hovedkontor
- Arendal
- Avdelinger
- 17 steder: Arendal, Bergen, Bodø, Drammen, Hamar, Leikanger, Lillehammer, Molde, Moss, Oslo, Skien, Stavanger
- Bransje
- Generell offentlig administrasjon
- Organisasjonsform
- Organisasjonsledd
- Org.nr.
- 921 627 009
Kilde: Enhetsregisteret
Hvor mange stillinger har Statsforvalterens fellestjenester (STAF) lyst ut de siste 90 dagene?
Statsforvalterens fellestjenester (STAF) har lyst ut 5 stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?
Det er lyst ut 30 lignende stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
Slik finner du Statsforvalterens fellestjenester (STAF)
Fløyveien 14, 4838 Arendal