Autosøk
Alver kommune logo

Lærar/undervisningsstilling - 100% vikariat - Seim skule

Alver kommune

Lurevegen 150, 5912 Seim

søknader
3 søknader
visninger
37 visninger
Frist
Frist: 10 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Seim skule i Alver kommune frå 01.01.2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon på 6.trinn. Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027.

Du kan lese meir om skulen her.

Om Seim skule

Seim skule er ein barneskule med 125 elevar og omlag 20 tilsette. Visjonen til skulen er «Ein skule for framtida med fokus på leik, læring og meistring». Skulen var nybygt til skuleåret 2013/2014, og ligg sentralt på Seim, ca 10 minutt køyring frå Knarvik langs Fv 57. Vi tør påstå at vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen vår, og at utfordringar blir løyst i fellesskap.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplan
  • Samarbeide systematisk med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling
  • Ha aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
  • Opprettholde trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med lærarutdanning, 1-7, 5-10 eller tilsvarande kompetanse
  • Kompetanse i matematikkfaget er ein fordel
  • Erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
  • Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer
  • Oppfølging og rettleiing
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Poliattiest

Søknad

I tråd med opplæringsl § 10-9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Kontakt

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegjet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Krav

  • Det er ønskjeleg med lærarutdanning, 1-7, 5-10 eller tilsvarande kompetanse
  • Kompetanse i matematikkfaget er ein fordel
  • Erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel

Ferdigheter

lærarutdanningmatematikkfagetIndividuelt tilrettelegging (ITO)

Lønn

600 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

entry-level

Spørsmål og svar

Hvem er Alver kommune?
Ansatte
4 288
Hovedkontor
Isdalstø (Alver)
Bransje
Generell offentlig administrasjon
Organisasjonsform
Kommune
Org.nr.
920 290 922

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger har Alver kommune lyst ut de siste 90 dagene?

Alver kommune har lyst ut 65 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 7 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Alver kommune

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Lignende jobber

Se alle