Autosøk

Vil du hjelpe innbyggjarane våre med gode avløpsløysingar og bidra til reinare vatn i Etne kommune?

Etne kommune Utvikling

Sjoarvegen 20, 5590 Etne

Natur- og miljøjobber i Etne
søknader
4 søknader
visninger
33 visninger
Frist
Frist: 18 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Etne kommune søker ein praktisk, løysingsorientert og fagleg trygg miljørådgjevar som vil gjere ein forskjell – både for miljøet og for innbyggjarane våre. Me har mange private avløpsanlegg i kommunen og ønskjer å styrkje arbeidet med å sikre at desse fungerer tilfredsstillande og ikkje fører til unødvendig forureining av grunnvatn, bekkar, elvar og sjø.

Arbeidsoppgåver

  • Kartleggje og føre tilsyn med private avløpsanlegg og vurdere korleis anlegga fungerer.
  • Gje praktisk og teknisk rettleiing til innbyggjarar, og vurdere løysingar ut frå tekniske forhold, miljøomsyn, regelverk og behovet til den enkelte eigar.
  • Bidra til at innbyggjarane får god forståing for eigne avløpsanlegg og korleis dei kan førebyggje forureining.
  • Følgje opp meldingar om feil og manglar, dokumentere tilstanden til anlegg og vurdere behov for vidare tiltak.
  • Handsame søknader om utsleppsløyve og andre saker etter forureiningsregelverket, og bidra fagleg til sakshandsaminga elles på sektoren.
  • Bidra til arbeid med vasskvalitet, vassmiljø og førebygging av forureining.
  • Samarbeide med HIM IKS, eining Investering og infrastruktur, innbyggjarar og aktuelle fagmiljø.
  • Ajourføre relevant dokumentasjon, anleggsregister og gebyrgrunnlag innan vatn og avløp.
  • Delta i informasjonsarbeid, prosjekt, opplæring og utvikling av gode rutinar for tilsyn og rettleiing.

Kvalifikasjonar

Me ser etter deg som har solid praktisk og teknisk forståing for vatn og avløp. Aktuell bakgrunn kan vere fagbrev som røyrleggjar, teknisk fagskule, ingeniørutdanning eller anna relevant utdanning. Praktisk erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Det er særleg ønskjeleg at du har:

  • Praktisk erfaring med private avløpsanlegg, avløpsreinsing, drift, vedlikehald eller feilsøking.
  • Kompetanse til å vurdere tekniske feil og moglege utbetringar av eksisterande anlegg.
  • Kunnskap om ulike reinsemetodar, grunnforhold og korleis utslepp kan påverke vassmiljøet.
  • Kjennskap til relevant regelverk og tekniske standardar.
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å dokumentere faglege vurderingar.
  • Du må ha førarkort klasse B og kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Me legg stor vekt på at du er praktisk anlagt, løysingsorientert og god til å møte menneske. Du må kunne setje deg inn i situasjonen til innbyggjarane, forstå utfordringane deira og bidra til å finne løysingar som er både miljømessig forsvarlege og økonomisk fornuftige.

Vi tilbyr

Ei meiningsfull stilling der du får vere med på å utvikle eit viktig fagområde i Etne kommune. Du får høve til å kombinere praktisk arbeid, miljøfag og direkte samarbeid med innbyggjarane. Du vert ein del av eining Utvikling og får ei sentral rolle i arbeidet med å ta vare på vassmiljøet i kommunen.

Søknad

Søk i dag. Du kan sende søknaden via søknadsskjemaet. Kontakt Eileen P. Selland, fungerande kommunalsjef, på telefon +47 53 75 82 29 eller e-post Eileen.Selland@etne.kommune.no.

Kontakt

Eileen P. Selland
Fungerande kommunalsjef
+47 53 75 82 29
Eileen.Selland@etne.kommune.no

Krav

  • Solid praktisk og teknisk forståing for vatn og avløp
  • Praktisk erfaring med private avløpsanlegg, avløpsreinsing, drift, vedlikehald eller feilsøking
  • Kunnskap om ulike reinsemetodar, grunnforhold og korleis utslepp kan påverke vassmiljøet

Ferdigheter

AvløpsanleggMiljøvurderingTeknisk rettleiingRegelverkDigital dokumentasjonKommunikasjonFørarkort klasse B

Lønn

680 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

mid-level

Spørsmål og svar

Hvem er Etne kommune Utvikling?
Ansatte
639
Hovedkontor
Etne
Avdelinger
24 steder: Etne, Skånevik
Bransje
Generell offentlig administrasjon
Organisasjonsform
Kommune
Org.nr.
959 435 375

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger er lyst ut innen Natur og miljø de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 468 stillinger innen Natur og miljø de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Etne kommune Utvikling

ETNE TINGHUS, 5590 Etne(omtrentlig plassering)

Lignende jobber

Se alle