Autosøk
Høgskulen på Vestlandet logo

Avdelingsleiar for avdeling Informasjonsteknologi og -tenester

Høgskulen på Vestlandet

Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal, Sunnfjord

søknader
4 søknader
visninger
42 visninger
Frist
Frist: 19 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Avdelingsleiar for avdeling Informasjonsteknologi og -tenester

Høgskulen på Vestlandet søker ein engasjert avdelingsleiar med stor motivasjon for å vidareutvikle avdelinga og ta ei sentral rolle i HVL sitt arbeid med digitalisering og kunstig intelligens. Avdelinga har i dag over 50 fast tilsette og 14 lærlingar, og er i vekst.

Avdelingsleiar er leiarstilling på nivå 3, i linja til Organisasjonsdirektør, og vil vere næraste overordna til fire einingsleiarar på nivå 4. Avdelinga har fire einingar: IT Brukarretta tenester, IT System og infrastruktur, IT Informasjonsforvaltning og -sikkerheit, og IT Digital tenesteutvikling.

Avdelinga er det sentrale faglege miljøet for utvikling og drift av digitale tenester og digital infrastruktur i HVL. Avdelingsleiar har eit heilskapleg ansvar for tenesteområda lagt til avdelinga, og utviklinga av avdelinga. Tenestene skal støtte forsking, undervisning og innovasjon, og avdelingsleiar skal ivareta ekstern kontakt med nasjonale tenesteleverandørar og samarbeidspartnarar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Avdelingsleiar har ei sentral rolle i arbeidet med å realisere HVL sin ambisjon om klok digitalisering. Det inneber å sikre moderne, trygge og effektive digitale tenester for heile samfunnsoppdraget, og å ta initiativ til, delta i eller rådgje om institusjonelle investeringar i digitalisering og kunstig intelligens.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har særleg ansvaret for:

  • Å utnytte kapasiteten i avdelinga i einingane for heilskapleg tenesteutvikling.
  • Balansert tilsetterekruttering og bemanningsplanlegging i avdelinga.
  • Kompetanseutvikling for medarbeidarane i avdelinga.
  • Arbeidsmiljø og HMS i avdelinga.
  • Tilrettelegging for medverknad og medarbeidarinvolvering.
  • Budsjettdisponering og økonomistyring i avdelinga.

Mynde

Mynde i avdelingsleiarstillinga er delegert frå Organisasjonsdirektør, og avdelingsleiar rapporterer til organisasjonsdirektør.

Kvalifikasjonar

Formelle kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning minimum på masternivå med relevans for stillinga.
  • Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå å leie områda som ligg til stillinga.
  • Innsikt i korleis digitale system og kunstig intelligens påverkar forsking, utdanning og innovasjon.
  • Erfaring med å leie endrings- og omstillingsarbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Du må kunne sikkerheitsklarerast på høgt nivå.

Personlege eigenskapar

  • Gode grunnleggande leiareigenskapar.
  • Motiverande og inkluderande leiarframferd, med vekt på samarbeid og medverknad.
  • Godt utvikla evner til:
    • strategisk tenking og heilskapleg perspektiv
    • kommunikasjon og samhandling
    • å bygge tillit og skape gode relasjonar, internt og eksternt
  • Gjennomføringskraft.
  • Løysingsorientert.
  • Utviklingsorientert.
  • Resultatorientert.

Søknad

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka „Søk stilling“ på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attest og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.

Kontakt

  • Tage Båtsvik, Organisasjonsdirektør, +47 53 49 14 05, tage.batsvik@hvl.no

Krav

  • Høgare utdanning minimum på masternivå med relevans for stillinga
  • Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå å leie områda som ligg til stillinga
  • Innsikt i korleis digitale system og kunstig intelligens påverkar forsking, utdanning og innovasjon

Ferdigheter

DigitaliseringKunstig intelligensStrategisk tenkingKommunikasjonKompetanseutviklingBudsjettdisponeringArbeidsmiljøHMS

Lønn

800 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvem er Høgskulen på Vestlandet?
Ansatte
2 475
Hovedkontor
Bergen
Avdelinger
10 steder: Bergen, Loddefjord, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord
Bransje
Undervisning ved andre høgskoler
Organisasjonsform
Organisasjonsledd
Org.nr.
917 641 404

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger har Høgskulen på Vestlandet lyst ut de siste 90 dagene?

Høgskulen på Vestlandet har lyst ut 63 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 23 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Lignende jobber

Se alle