Autosøk
søknader
3 søknader
visninger
25 visninger
Frist
Frist: 14 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Tysnes kommune søker ein ny sjukepleiar til 100 % stilling ved Tysnes omsorgssenter. Stillinga er knytt til avdeling Såto og Nuten, og den som blir tilsett må vere villig til å arbeide i alle avdelingar etter behov. Vi jobbar i årsturnus med to-delte vakter og i snitt arbeid kvar 3. helg.

Tysnes omsorgssenter ligg i moderne lokale frå 2017 og har 30 institusjonsplassar, korttids- og rehabiliteringsopphald, KAd-plassar og eit dagsenter for personar med demens. Heimetenesta held til i same bygg.

Vårt mål er å gi tenester av høg kvalitet og profesjonalitet. God pasientomsorg blir skapt når man har fokus og kvalitet på tenesta. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og set pris på humor og godt kollegaskap.

Vi har meiningsfulle arbeidsoppgåver som gir verdifull erfaring. Synes du dette høyres spennande ut og ønsker ein jobb der kompetansen din betyr mykje, så er du velkommen til å søke hos oss.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
  • Miljøarbeid og utvikla ADL-ferdigheiter.
  • Lage og følge opp pleieplanar og prosedyrar.
  • Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter.
  • Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid.
  • Pårørandesamarbeid.
  • Dokumentasjon i CosDoc.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, og som gjerne har relevant vidareutdanning.
  • Erfaring med og kjennskap til brukergruppen er en fordel.
  • Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste.
  • Gode grunnleggande datakunnskap.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.

Ved ei eventuell tilsetting må du legg fram:

  • Politiattest (ikkje eldre enn 3 månader), jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
  • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
  • brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
  • er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
  • har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus, og du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Du vil oppleva ein utfordrande, hektisk og lærerik arbeidskvardag i eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid kvar 3. helg. Medlemskap i KLP føl med tilsetting. Det betyr at du får blant dei beste pensjonsordningane i Norge og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar.

Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det tildelt ein pott til lokale justeringar.

I Tysnes kan du få mulighet for kr 25 000 i avskriving av studielånet ditt årlig frå 2026, når ny ordning for distriktskommuner blir vedteke av Stortinget.

Søknad

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legg ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e-post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legg til rette for ei inkluderande rekruttering.

Kontakt

  • Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, +47951 76 846, helga.n.boland@tysnes.kommune.no
  • Anne Cecilie Sandsøy Lunde, Avdelingsleiar 2. høgda, +47417 07 983, anne.cecilie.lunde@tysnes.kommune.no

Krav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, og gjerne relevant vidareutdanning
  • Erfaring med og kjennskap til brukergruppen
  • Tverrfagleg forståing
  • Gode grunnleggande datakunnskap
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg

Ferdigheter

Sjukepleiarfaglege oppgåverPleieplanar og prosedyrarDokumentasjon i CosDocTverrfagleg samarbeidPårørandesamarbeid

Lønn

Lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet

Erfaring

mid-level

Spørsmål og svar

Hvem er Tysnes kommune?
Ansatte
513
Hovedkontor
Uggdal (Tysnes)
Bransje
Generell offentlig administrasjon
Organisasjonsform
Kommune
Org.nr.
959 412 340

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger har Tysnes kommune lyst ut de siste 90 dagene?

Tysnes kommune har lyst ut 14 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Helse og sosial de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 12812 stillinger innen Helse og sosial de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Tysnes kommune

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Lignende jobber

Se alle