- søknader
- 2 søknader
- visninger
- 46 visninger
- Frist
- Frist: 17 dager igjen
Logg inn for å bruke Auto-Apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Tysnes kommune søker ein engasjert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Stillinga er knytt til avdeling Fjorden og dagsenteret, og den som blir tilsett må pårekne å arbeide i alle avdelingar etter behov. Arbeidstida er for tida på dag/kveld med arbeid i snitt kvar 3. helg.
Tysnes omsorgssenter held til i moderne lokale frå 2017 og har 30 institusjonsplassar, korttids- og rehabiliteringsopphald, KAd-plassar og eit dagsenter for personar med demens. Heimetenesta held til i same bygg.
Vårt mål er å gi tenester av høg kvalitet og profesjonalitet. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og set pris på humor og godt kollegaskap.
Vi har meiningsfulle arbeidsoppgåver som gir verdifull erfaring. Synes du dette høyres spennande ut og ønsker ein jobb der kompetansen din betyr mykje, så er du velkommen til å søke hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Utføre observasjoner, pleie og omsorgsoppgåver i tråd med bebuarane sine individuelle behov.
- Administrere medisiner og utføre medisinske prosedyrer etter delegasjon fra sjukepleiar.
- Delta i dagleg tilrettelegging av aktiviteter.
- Fungere som primærkontakt for bebuarar og ha kommunikasjon med pårørande.
- Delta i utarbeiding, implementering og evaluering av individuelle tiltaksplanar.
- Rettleie, undervise og informere bebuarar, pårørande, studentar og lærlingar.
- Være oppdatert innan eige fagområde og delta i fagleg utviklingsarbeid.
- Arbeider fagleg i tråd med institusjonen sine mål og retningslinjer, og i samråd med avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Ønskeleg med videreutdanning innan demens, palliasjon, alderspsykiatri, aktiv omsorg.
- Arbeid innan demensomsorg er ønskeleg.
- Førarkort klasse B.
- Tverrfagleg forståing.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Gode grunnleggjande datakunnskapar.
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
- brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
- er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- har pågangsmot, løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Hos oss vil du få høve til å arbeide med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der vi er opptekne av kunnskapsdeling og kompetanseheving.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i fagarbeidarstilling, med lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Søknad
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e-post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Kontakt
- Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, +47951 76 846, helga.n.boland@tysnes.kommune.no
- Linda Nordtveit Fagerbakk, Avdelingsleiar 1. høgda avd. Fjorden og dagsenter, +47417 07 987, linda.nordtveit.fagerbakk@tysnes.kommune.no
Krav
- Autorisert helsefagarbeidar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode grunnleggjande datakunnskapar
Ferdigheter
Lønn
lønsplassering i kapittel 4 i det kommunale regulativet
Erfaring
mid-level
Spørsmål og svar
Hvem er Tysnes kommune?
- Ansatte
- 513
- Hovedkontor
- Uggdal (Tysnes)
- Bransje
- Generell offentlig administrasjon
- Organisasjonsform
- Kommune
- Org.nr.
- 959 412 340
Kilde: Enhetsregisteret
Hvor mange stillinger har Tysnes kommune lyst ut de siste 90 dagene?
Tysnes kommune har lyst ut 14 stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Helse og sosial de siste 90 dagene?
Det er lyst ut 12812 stillinger innen Helse og sosial de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
Slik finner du Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
