Autosøk
Ulvik Herad logo

Rektor

Ulvik Herad

Skeiesvegen 27, 5730 Ulvik

Utdanningsjobber i Ulvik
søknader
2 søknader
visninger
26 visninger
Frist
Frist: 19 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vil du vere med og løfte skulen vår? Ulvik Herad søker ein engasjert og utviklingsorientert rektor. Har du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap? Då kan du vere den nye rektoren vår!

Skulen har om lag 125 elevar frå 1.10. trinn. Me ønskjer å vere ein skule der alle elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle, meistring og læringsglede. Me har ambisjonar for skulen vår! Framover vil me særleg styrkje arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø og løfte elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, med særleg vekt på lesing og rekning. Me søkjer ein rektor som kan samle medarbeidarane om ei felles retning og leie dette utviklingsarbeidet med engasjement og gjennomføringskraft.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og styrkje elevane sitt læringsutbyte
  • Bruke elevresultat aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
  • Leie arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø
  • Vidareutvikle tilpassa opplæring, tidleg innsats og spesialpedagogisk tilrettelegging
  • Byggje eit sterkt profesjonsfellesskap og utvikle medarbeidarane
  • Sikre godt samarbeid mellom skule, heim og lokalsamfunn

Kvalifikasjonar

  • Krav om godkjend lærarutdanning
  • Har leiarutdanning eller er villig å ta slik utdanning
  • Har god pedagogisk forståing og kompetanse innan skuleutvikling
  • Har forståing for spesialpedagogikk, tilpassa opplæring og sosialpedagogisk arbeid
  • Har kunnskap om førebygging og utvikling av gode skulemiljøer
  • Ein trygg, tydeleg og relasjonsorientert leiar
  • Evne å skape engasjement, felles retning og resultat gjennom andre
  • Har gjennomføringsevne og mot til å leie utviklingsprosessar

Personlege eigenskapar

Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av læringsresultat og skulemiljøarbeid vil bli vektlagd. Vi er også opne for søkjarar med solid pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar som ønskjer å ta steget inn i ei leiarstilling.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og spennande leiarstilling
  • Høve til å påverke og setje retning for skulen si vidare utvikling
  • Ein arbeidskvardag med nærleik til elevar, medarbeidarar og føresette
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale

Søknad

Vil du vere med og gjere ein forskjell? Me søker ein rektor som ser moglegheitene i skulen, har høge ambisjonar på elevane sine vegner og vil skape utvikling saman med medarbeidarane. Me gler oss til å høyre frå deg!

Krav

  • Krav om godkjend lærarutdanning
  • Har leiarutdanning eller er villig å ta slik utdanning
  • Har god pedagogisk forståing og kompetanse innan skuleutvikling

Ferdigheter

SkuleutviklingSpesialpedagogikkTilpassa opplæringSosialpedagogisk arbeidSkulemiljøarbeidPedagogisk leiarstilling

Lønn

løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtale

920 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvem er Ulvik Herad?
Ansatte
233
Hovedkontor
Ulvik
Bransje
Generell offentlig administrasjon
Organisasjonsform
Kommune
Org.nr.
971 159 928

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 3 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Ulvik Herad

Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik

Lignende jobber

Se alle