Autosøk

Voss barnehage søkjar deg!

Voss herad Voss barnehage

Regimentsvegen 126, 5705 Voss

Helse- og sosialjobber i Voss
søknader
4 søknader
visninger
41 visninger
Frist
Frist: 15 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Voss barnehage søker deg! Vi søker ein engasjert fagarbeidar til ei 100 % vikariat med snarleg oppstart. Stillinga varer fram til 31.07.2027 (kan verta forlenga). Du blir del av eit tverrfagleg team som arbeider tett opp mot tre barn med autisme. Teamet er sett saman av barnehagelærarar og fagarbeidarar.

Hjå oss møter du dyktige kollegaer og vakke natur rett utanfor døra. Vi har eit fagmiljø som er oppteke av utvikling, og er i oppstarten av eit prosjektarbeid med "Kollektiv kompetanseheving". Dette er eit samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon. Vi har òg stort fokus på tilbakemeldingskultur i barnehagen.

Lesing og språkutvikling er felles satsingsområde for dei kommunale barnehagane i heradet, der vi har som mål at alle barn skal bli lest for kvar dag. Barnehagen sin eigen visjon er "Vennskap og meistring"; at alle born skal ha nokon å leika med, og oppleva meistring kvar dag.

Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med, og oppfølging av barn med autismespekterforstyrring
  • Delta aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet
  • Samarbeid med føresette, kollegaer og andre relevante faginstansar
  • Delta i daglege rutinar og aktivitetar i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ynskjeleg
  • Erfaring med, eller interesse for arbeid med barn med særskilde behov, spesielt autisme, er ynskjeleg
  • Assistent med relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vurderte

Personlege eigenskapar

  • Evne til å byggje gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
  • Kan arbeide sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre
  • Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert kvardag
  • Tek initiativ og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Kan reflektere over eigen praksis og er open for fagleg utvikling

Vi tilbyr

  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med mykje humor
  • Tett støtte frå pedagogiske leiare og styrarane
  • Moglegheit til fagleg utvikling gjennom eksterne kurs, rettleiing og intern kompetanseheving
  • Rettleiing for nytilsette
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Vil du vere med og gjere ein viktig forskjell i barna sin kvardag? Då håpar vi du søkjer. Hos oss får du arbeide i eit sterkt fagmiljø, tett på barn som treng trygge relasjonar, og vere med på å skape utvikling, meistring og gode dagar for dei som har størst behov for det.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden.

Kontakt

Kontaktperson for stillingen: Tor-Einar Wahl
Telefon: 90825233
E-post: tor-einar.wahl@voss.herad.no

Krav

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ynskjeleg
  • Erfaring med, eller interesse for arbeid med barn med særskilde behov, spesielt autisme, er ynskjeleg
  • Assistent med relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vurderte

Ferdigheter

Barne- og ungdomsarbeidarArbeid med barn med autismePedagogisk arbeidSamarbeid med føresette og faginstansarFleksibel og løysingsorientertRefleksjon over egen praksis

Lønn

Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

600 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

entry-level

Spørsmål og svar

Hvor mange stillinger er lyst ut innen Helse og sosial de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 12812 stillinger innen Helse og sosial de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Lignende jobber

Se alle
Voss herad logo

Familieterapeut vikariat

Voss herad · Voss herad, 5700 Voss

8 søkere75 visninger3 dager igjen
  • familieterapi
  • rettleiing
  • relasjonsbygging
  • tverrfagleg samarbeid
  • terapeutisk arbeid
  • +3 til