Autosøk
Møre og Romsdal Politidistrikt logo

Seniorrådgivar

Møre og Romsdal Politidistrikt

Storgata 43, 6508 Kristiansund N

søknader
5 søknader
visninger
60 visninger
Frist
Frist: 9 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Statens barnehus har etablert ei underavdeling i Kristiansund. Vi søker etter ein fagleg sterk og utviklingsorientert seniorrådgivar som ønskjer å ta del i samfunnsoppdraget til barnehuset i politiet.

I rolla får du ein variert og fagleg interessant arbeidskvardag, med mykje ansvar. Sentrale arbeidsoppgåver er knytt til saksarbeid i samband med avhøyr av barn og særlig sårbare vaksne. Du skal leggje til rette for trygge rammer under avhøyr, kartlegge oppfølgingsbehov og gi tilpassa oppfølging til målgruppa. Tverrfagleg og tverretatleg koordinering kjenneteiknar mykje av arbeidet, og høg samhandlingskompetanse er derfor avgjerande i rolla.

Du vil bli ein del av eit lokalt team med tre seniorrådgivarar og ein førstekonsulent. Samtidig vil du vere ein del av eit større fagmiljø med tett samarbeid på tvers av lokasjonane i Kristiansund og Ålesund, som har felles leiing. Hovudavdelinga i Ålesund har i dag elleve medarbeidarar, inkludert fire seniorrådgivarar og to psykologar. Dette gir eit solid fagmiljø med høg kompetanse, og gode moglegheiter for fagleg samarbeid og utvikling.

Avdelingen har adresse i moderne og nyoppussa lokale med sentral plassering i Kristiansund. Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga, knytt til oppfølgingsoppgåver og arbeid ved hovudavdelinga.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og tilretteleggje før, under og etter tilrettelagte avhøyr, politiavhøyr og rettsmedisinske undersøkingar av barn og sårbare vaksne
  • Leggje til rette for perspektivet til den avhøyrte i alle fasar av straffesaka, og bistå med barnehusfagleg kompetanse til etterforskinga under avhøyr
  • Kartleggje og avklare behov for vidare oppfølging og behandling av målgruppa
  • Gjennomføre oppfølgingstiltak, innanfor rammene i Felles retningslinjer for Statens barnehus
  • Koordinere tverrfagleg og tverretatleg samhandling
  • Gi fagleg rådgiving og rettleiing til samarbeidande etatar, samt privatpersonar
  • Bidra til fagleg kvalitetssikring av arbeidet i fagteamet
  • Deltakje i nasjonale fagnettverk
  • Hald deg fagleg oppdatert, bidra til fagutvikling og kompetansedeling internt og eksternt
  • Ansvar for opptak av avhøyr på lyd og bilete ved behov
  • Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg i tråd med behov og eventuelle sentrale føringar

Kvalifikasjonar

  • Minimum fem års høgare utdanning på master- eller profesjonsnivå, for eksempel innan helse- og sosialfag, pedagogikk, psykologi eller tilsvarande kliniske utdanningar
  • Arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: Barne- og ungdomspsykiatri, barnevern, familievern, førebyggjande helsearbeid blant barn og unge, eller barn/vaksenhabilitering
  • Arbeidserfaring frå klinisk arbeid med barn eller familier
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samhandling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Grunnleggjande IT-kunnskapar
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du:

  • Arbeider strukturert og med høg fagleg kvalitetsvært
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Er analystisk og trygg i møte med fagleg kompleksitet

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og utfordrande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme Statens barnehus for framtid
  • Fast stilling som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med lønn frå kr. 710 000- 800 000 brutto per år
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mogleghet for trening i arbeidstida
  • Tilsetjing skjer på vilkår fastsett i statsansattloven og personalreglementet for politiet

Søknad

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kontakt

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Krav

  • Minimum fem års høgare utdanning på master- eller profesjonsnivå
  • Arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: Barne- og ungdomspsykiatri, barnevern, familievern, førebyggjande helsearbeid blant barn og unge, eller barn/vaksenhabilitering
  • Arbeidserfaring frå klinisk arbeid med barn eller familier
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samhandling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Pleettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet

Ferdigheter

Tverrfagleg samhandlingKlinisk arbeid med barnBarnevernFamilievernFørebyggjande helsearbeidBarne- og ungdomspsykiatriBarn/vaksenhabiliteringIT-kunnskapar

Lønn

frå kr. 710 000- 800 000 brutto per år

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvem er Møre og Romsdal Politidistrikt?
Ansatte
745
Hovedkontor
Ålesund
Avdelinger
20 steder: Aure, Fosnavåg, Elnesvågen, Kristiansund N, Molde, Ålesund, Brattvåg, Åndalsnes, Smøla, Stranda, Sunndalsøra, Surnadal
Bransje
Aktiviteter utført av politi- og påtalemyndighet
Organisasjonsform
Organisasjonsledd
Org.nr.
974 764 113

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger har Møre og Romsdal Politidistrikt lyst ut de siste 90 dagene?

Møre og Romsdal Politidistrikt har lyst ut 27 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Helse og sosial de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 12255 stillinger innen Helse og sosial de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Møre og Romsdal politidistrikt

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Lignende jobber

Se alle
DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF logo

Overlege barne- og ungdomspsykiatri

DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF · Geilebergvegen 18, 6017 Ålesund

2 søkere41 visninger12 dager igjen
  • Psykiatrisk utgreiing
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og supervisjon
  • Fagleg utvikling
  • Kommunikasjon
  • +1 til
Universitetssykehuset Nord-Norge HF logo

Psykologspesialist barn og unge

Universitetssykehuset Nord-Norge HF · Hallveien 4, 9303 Silsand

8 søkere73 visninger5 dager igjen
  • Psykologspesialist
  • Barne- og ungdomspsykiatri
  • Kartlegging
  • Utredning
  • Behandling
  • +2 til

Psykolog på Barne- og ungdomspykisatrisk poliklinikk

Psykisk helsevern og rus divisjon, Barne- og ungdomspsykiatrien Follo seksjon · Idrettsveien 20, 1400 Ski

4 søkere43 visninger6 dager igjen
  • Psykolog
  • Kommunikasjonsferdigheter
  • Terapeutisk arbeid
  • Samarbeid med kommunale instanser
Universitetssykehuset Nord-Norge HF logo

Barne- og ungdomspsykiater

Universitetssykehuset Nord-Norge HF · Hallveien 4, 9303 Silsand

6 søkere75 visninger5 dager igjen
  • Barne- og ungdomspsykiatri
  • Utredning av psykiske helseplager
  • Faglig veiledning
  • Internundervisning
Seksjon barnevern, Oslo kommune, Bydel St. Hanshaugen logo

Barnevernkonsulent - fosterhjemsoppfølging

Seksjon barnevern, Oslo kommune, Bydel St. Hanshaugen · Stensberggata 25, 0170 Oslo

2 søkere28 visninger12 dager igjen
  • Barnevernspedagog
  • Sosionom
  • Fosterhjemsoppfølging
  • Familieveiledning
  • Saksbehandling
  • +3 til