Rådgivar kliniske studiar (monitor/Clinical Research Associate)
Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Forskningsjobber i Bergen- søknader
- 7 søknader
- visninger
- 75 visninger
- Frist
- Frist: 10 dager igjen
Logg inn for å bruke Auto-Apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Helse Bergen HF søker ein engasjert og dyktig rådgivar innan kliniske studiar. Kliniske studiar er eit prioritert satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er eit auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Hos oss blir du ein sentral og verdifull samarbeidspartnar for fagmiljøa i regionen, og får ei nøkkelrolle i å rettleie og støtte forskarane gjennom heile prosjektløpet – frå planlegging og oppstart til trygg gjennomføring. Slik bidreg du direkte til at studiane held høg kvalitet og følgjer strenge nasjonale og internasjonale regelverk.
Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon (FoI) ved Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innan forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 55 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innan medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning.
Arbeidsoppgåver
- Monitorering og oppfølging av kliniske studiar i samsvar med ICH-GCP og standardiserte prosedyrar (SOP-ar), hovudsakleg ved Haukeland universitetssjukehus og dei andre sjukehusa i Helse Vest-området
- Utføre revisjon og risikovurdering av akademiske legemiddelstudiar og andre intervensjonsstudiar i samarbeid med forskarar
- Gje råd og veiledning om roller, ansvar og regelverk (irekna GCP, CTIS og helseforskningslova) til kliniske utprøvarar og forskargrupper
- Utarbeide rapportar og skrive faglege saker knytt til leveransar og aktivitet og måloppnåing innan fagfeltet
- Bidra til kontinuerleg forbetring og vidareutvikling av tenester og arbeidsprosessar for kliniske studiar, med særleg vekt på kvalitet
- Handtere førespurnader om mogelege nye studiar frå industrien («feasibility»)
- Delta i fagmiljø, nettverk og konferansar, samt halde faglege innlegg og opplæring
- Reiseaktivitet må påreknast
- Andre oppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon
Kvalifikasjonar
- Formell utdanning på mastergradsnivå (naturvitskaplege fag/farmasi)
- Erfaring med prosjektkoordinering er ønskeleg
- Erfaring frå kliniske studiar er ønskeleg, gjerne frå legemiddelindustrien
- Erfaring med bruk av elektroniske system som eCRF / VieDoc og handtering i CTIS-portalen vil telje særleg positivt
- Kjennskap til regelverket kring kliniske studiar
- God forståing for økonomi/budsjett er ønskeleg
- Erfaring med teamarbeid, undervisning og møteleiing er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Kan arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig
- Serviceinnstilt og kan lytte til og samarbeide med andre, på tvers av fag og einingar
- Positiv haldning til å tileigne og dele kunnskap
- Analytisk og ha god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Fast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø i trivelege lokale på haukelandsområdet
- Fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning
Søknad
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontakt
Anne Mathilde Henden Kvamme, Fagleiar, 90655238, anne.mathilde.henden.kvamme@helse-bergen.no
Krav
- Formell utdanning på mastergradsnivå (naturvitskaplege fag/farmasi)
- Erfaring med prosjektkoordinering
- Erfaring frå kliniske studiar, gjerne frå legemiddelindustrien
Ferdigheter
Lønn
Lønn etter avtale
650 000 kr per år
Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.
Erfaring
senior
Spørsmål og svar
Hvem er Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF?
- Stiftet
- 5. desember 2001
- Ansatte
- 14 709
- Hovedkontor
- Bergen
- Avdelinger
- 65 steder: Bergen, Tertnes, Isdalstø, Nesttun, Voss, Straume, Nyborg, Breistein, Norheimsund, Hagavik, Stavanger, Rådal
- Bransje
- Somatiske sykehustjenester
- Organisasjonsform
- Annet foretak iflg. særskilt lov
- Org.nr.
- 983 974 724
Kilde: Enhetsregisteret
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Forskning de siste 90 dagene?
Det er lyst ut 886 stillinger innen Forskning de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
Slik finner du Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen