Autosøk

100% stilling som verksemdsleiar for Verksemd for inkludering

Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Helse- og sosialjobber i Odda
søknader
6 søknader
visninger
61 visninger
Frist
Frist: 4 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ullensvang kommune søker ein tydeleg, trygg og samlande verksemdsleiar for tenesta for inkludering i 100 % stilling. Stillinga er direkte underlagt kommunalsjef for Kultur, næring og samfunn. Tenesta består i dag av to avdelingar: Flyktningtenesta (fordelt i Kinsarvik og Odda) og tiltak / bufellesskap for einslege mindreårige (Kinsarvik Brygge). Til saman er det 28,5 årsverk i tenesta per 1.1.27.

Kommunen skal ikkje busetje nye flyktningar i 2027. Dette gir eit unikt handlingsrom til å rette blikket innover og framover. Hovudfokuset i tida som kjem vil vere å styrkje arbeidsmiljøet, vidareutvikle fagkompetansen, optimalisere tenestestrukturen og byggje solide samarbeidslinjer på tvers av kommunale tenesteområde.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg leiaransvar for fag, økonomi, personal og drift i begge avdelingane.
  • Leie omstillings- og utviklingsarbeid med fokus på berekraftig organisering og god ressursutnytting.
  • Byggje eit trygt, inkluderande og helsefremjande arbeidsmiljø prega av tillit, openheit og tverrfagleg samhandling.
  • Sikre og styrkje samhandlinga med andre kommunale tenester (som NAV, barnevern, skule, helse og vaksenopplæring) og eksterne aktørar.
  • Sikre god oppfølging av brukarane i målgruppa og leie arbeidet i bufellesskapet i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå eller høgare, helst innan samfunnsfag, helse- og sosialfag, pedagogikk eller organisasjon og leiing.
  • Dokumentert leiarerfaring med personal- og økonomiansvar, gjerne frå offentleg forvaltning.
  • Erfaring med organisasjonsutvikling, endringsleiing og partssamarbeid.
  • Erfaring frå samarbeid med ulike tenester / samarbeidspartar.

Personlege eigenskapar

  • Relasjonsorientert og trygg: Du motiverer medarbeidarane dine, lyttar aktivt og skapar engasjement og eigarskap.
  • Strukturell og strategisk: Du har god systemforståing, evner å prioritere og ser heilskapen i tenestetilboda til kommunen.
  • Løysingsorientert og robust: Du står støtt i krevjande prosessar og har gode evner til å handtere endring og usikkerheit.
  • Samarbeidande: Du byggjer tillit på tvers av fagfelt og fremjar ein open delingskultur.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og utfordrande leiarposisjon med store moglegheiter til å påverke tenesta si framtid.
  • Engasjerte medarbeidarar.
  • Eit støttande leiarnettverk og rom for kompetanseutvikling.
  • Løn etter avtale i tråd med kommunale vilkår.
  • Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Sletting av utdanningsgjeld/studielån.

Kontakt

Gunnvor S. Medhus, Kommunalsjef Kultur, næring og samfunn, +47 476 45 338, gunnvor.s.medhus@ullenvang.kommune.no

Krav

  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå eller høgare, helst innan samfunnsfag, helse- og sosialfag, pedagogikk eller organisasjon og leiing.
  • Dokumentert leiarerfaring med personal- og økonomiansvar, gjerne frå offentleg forvaltning.
  • Erfaring med organisasjonsutvikling, endringsleiing og partssamarbeid.

Ferdigheter

LeiingOrganisasjonsutviklingEndringsleiingTverrfagleg samarbeidPersonaleadministrasjonØkonomiDriftKommunalt arbeid

Lønn

Løn etter avtale i tråd med kommunale vilkår

990 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvem er Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn?
Ansatte
2 654
Hovedkontor
Odda (Ullensvang)
Avdelinger
105 steder: Nå, Odda, Kinsarvik, Grimo, Jondal, Lofthus, Røldal, Hovland, Skare, Tyssedal, Utne
Bransje
Generell offentlig administrasjon
Organisasjonsform
Kommune
Org.nr.
920 500 633

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 46 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Lignende jobber

Se alle

Farmasøyt - Apotek 1 Odda

Apotek 1 · Ullensvang

7 søkere66 visninger20 dager igjen
  • Kundeekspedering
  • Faglig rådgivning
  • Selvvalghelsetjenester
  • Reseptarbeid
  • Hjemmetjeneste
  • +3 til