Autosøk
søknader
8 søknader
visninger
55 visninger
Frist
Frist: 7 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vil du jobbe med teknologi som har betydning for heile Noreg? Vi søker ein KI-teknolog som vil utvikle løysingar som forenklar for næringslivet, effektiviserer arbeidsprosessar og bidrar til å førebygge økonomisk kriminalitet.

Du får kombinere praktisk utvikling med å påverke teknologiske val og korleis vi tar i bruk KI. Vi jobbar med maskinlæring og generativ KI, og styrker nå arbeidet med å utvikle og ta i bruk agentiske løysingar. Vi har tatt i bruk ei eiga data- og analyseplattform og ho skal vidareutviklast som grunnlag for arbeidet. Vi legg vekt på at løysingane ivaretar personvern, sikkerheit og ansvarleg bruk av teknologien.

Du vil samarbeide tett med kollegaer innan KI, dataanalyse, utvikling, forretningsutvikling, juss og sikkerheit. Du vil også representere oss, og dele erfaringar, i interne og eksterne forum. I IT-avdelinga blir du del av eit fagmiljø med over 130 dyktige kollegaer.

Arbeidsoppgåver

  • utvikle, teste, ta i bruk og vidareutvikle agentiske KI-løysingar
  • integrere KI med system, data og arbeidsprosessar hos oss
  • utforske og vurdere ny teknologi ut frå konkrete behov
  • koordinere arbeidet mellom eige team og andre fagmiljø, og aktivt følge opp avklaringar og leveransar for å drive løysingar frå idé til praktisk bruk
  • planlegge og koordinere eigne oppgåver og leveransar og dokumentere arbeidet
  • bidra med administrative oppgåver i teamet
  • dele kunnskap og inkludere heile verksemda gjennom aktivitetar
  • bidra til at løysingane er pålitelege og ivaretar sikkerheit, juss og personvern

Kvalifikasjonar

  • bachelor- eller mastergrad innan IT eller andre relevante fagområde. Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.
  • programmeringskompetanse, opparbeidd gjennom utdanning, arbeid eller eigne prosjekt
  • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Du må kunne autoriserast for AVGRENSA etter sikkerheitslova. Er du utanlandsk statsborgar, skal autorisasjonsansvarleg hos oss vurdere om tilknytinga di til heimlandet og heimlandet si sikkerheitsmessige betydning utgjer ein risiko knytt til stillinga. I nokre tilfelle må det hentast inn samtykke frå Sivil klareringsmyndigheit.

Det er også positivt om du har erfaring med:

  • utvikling av løysingar med generativ KI, særleg KI-agentar
  • utvikling av KI-agentar og tilrettelegging av verktøy, kontekst og arbeidsflyt for agentane, inkludert MCP, agentinstruksjonar, underagentar, kommandolinje, skript og MLOpsrelevant arbeid frå utviklings- eller teknologimiljø
  • utvikling via PaaS-løysingar slik som Google Cloud Plattform, Red Hat OpenShift, eller liknande
  • integrasjon mellom KI, data og andre system og applikasjonar
  • testing, evaluering og oppfølging av KI-løysingar i produksjon
  • strategisk planlegging, vurdere teknologiske alternativ og anbefale løysingar

Vi tilbyr

  • fast stilling løna som rådgivar med årsløn frå kr 580 000 - 750 000, eller som seniorrådgivar med årsløn frå kr 700 000 - 950 000, avhengig av kvalifikasjonane dine. Om du er spesielt godt kvalifisert, kan vi vurdere høgare løn.
  • interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
  • eit godt arbeidsmiljø med uformell tone der me alle er på hels
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og ei raus stipendordning
  • fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
  • gode velferdsordningar i alle livsfasar og moglegheit for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • moderne kontorlokale med fantastisk utsikt over Helgelandskysten

Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad, og flyttekostnadar kan bli dekte etter nærmare avtale. Ved flytting til Brønnøysund kan husleige bli dekt med inntil 10 000 kroner dei første 6 månadane etter oppstart av arbeidsforholdet. Dette er skattepliktig inntekt.

Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb i Brønnøysund, kan vi formidle kontakt med dei.

Kontakt

  • Mikael Rodahl Helgesen, seksjonsleder, +4746954701, mrh@brreg.no
  • Aleksander Simmersholm, KI-teknolog, +4745008043, asi@brreg.no

Krav

  • bachelor- eller mastergrad innan IT eller andre relevante fagområde. Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.
  • programmeringskompetanse, opparbeidd gjennom utdanning, arbeid eller eigne prosjekt
  • gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Ferdigheter

KI-utviklingmaskinlæringgenerativ KIagentiske løysingardataanalysesystemintegreringMLOpsPaaS-løysingar

Lønn

årsløn frå kr 580 000 - 750 000, eller som seniorrådgivar med årsløn frå kr 700 000 - 950 000

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvor mange stillinger har Brønnøysundregistrene lyst ut de siste 90 dagene?

Brønnøysundregistrene har lyst ut 11 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 6 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Lignende jobber

Se alle