- søknader
- 7 søknader
- visninger
- 68 visninger
- Frist
- Frist: 10 dager igjen
Logg inn for å bruke Auto-Apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Seniorrådgivar
Ein meiningsfull og utfordrande arbeidsplass for deg som vil ta del i samfunnsoppdraget til Statens barnehus og politiet.
Om stillinga
Statens barnehus har etablert ei underavdeling i Kristiansund. Vi søkjer etter en fagleg sterk og utviklingsorientert seniorrådgivar som ønskjer å ta del i samfunnsoppdraget til barnehuset i politiet.
I rolla får du ein variert og fagleg interessant arbeidskvardag, med mykje ansvar. Sentrale arbeidsoppgåver er knytt til saksarbeid i samband med avhøyr av barn og særlig sårbare vaksne. Du skal leggje til rette for trygge rammer under avhøyr, kartlegge oppfølgingsbehov og gi tilpassa oppfølging til målgruppa. Tverrfagleg og tverretatleg koordinering kjenneteiknar mykje av arbeidet, og høg samhandlingskompetanse er derfor avgjerande i rolla.
Du vil bli ein del av eit lokalt team med tre seniorrådgivarar og ein førstekonsulent. Samtidig vil du vere ein del av eit større fagmiljø med tett samarbeid på tvers av lokasjonane i Kristiansund og Ålesund, som har felles leiing. Hovudavdelinga i Ålesund har i dag elleve medarbeidarar, inkludert fire seniorrådgivarar og to psykologar. Dette gir eit solid fagmiljø med høg kompetanse, og gode moglegheiter for fagleg samarbeid og utvikling.
Avdelingen har adresse i moderne og nyoppussa lokale med sentral plassering i Kristiansund. Noko reiseverksemd må påreknast i stillinga, knytt til oppfølgingsoppgåver og arbeid ved hovudavdelinga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- planleggje og tilretteleggje før, under og etter tilrettelagte avhøyr, politiavhøyr og rettsmedisinske undersøkingar av barn og sårbare vaksne
- vareta perspektivet til den avhøyrte i alle fasar av straffesaka, og bistå med barnehusfagleg kompetanse til etterforskinga under avhøyra
- kartleggje og avklare behov for vidare oppfølging og behandling av målgruppene
- gjennomføre oppfølgingstiltak, innanfor rammene i Felles retningslinjer for Statens barnehus
- koordinere tverrfagleg og tverretatleg samhandling
- gi fagleg rådgiving og rettleiing til samarbeidande etatar, samt privatpersonar
- bidra til fagleg kvalitetssikring av arbeidet i fagteamet
- delta i nasjonale fagnettverk
- halde deg fagleg oppdatert, bidra til fagutvikling og kompetansedeling internt og eksternt
- ansvar for opptak av avhøyr på lyd og bilete ved behov
- arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg i tråd med behov og eventuelle sentrale føringar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- minimum fem års høgare utdanning på master- eller profesjonsnivå, for eksempel innan helse- og sosialfag, pedagogikk, psykologi eller tilsvarande kliniske utdanningar. Særleg relevant arbeidserfaring og klinisk kompetanse kan kompensere for delar av utdanningskravet
- arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: Barne- og ungdomspsykiatri, barnevern, familievern, førebyggjande helsearbeid blant barn og unge, eller barn/vaksenhabilitering
- arbeidserfaring frå klinisk arbeid med barn eller familiar
- erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samhandling
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- grunnleggjande IT-kunnskapar
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med
- relevant vidareutdanning, for eksempel innan psykisk helsearbeid, familieterapi, rettleiing eller liknande
- erfaring frå arbeid med barn eller vaksne med kognitiv funksjonsnedsetjing og utviklingsforstyrringar
- erfaring frå arbeid med barn eller vaksne som har vore utsett for vald eller seksuelle overgrep
- erfaring frå arbeid med problematisk og skadeleg seksuell atferd hos barn og unge
- fleirkulturell kompetanse
- kompetanse innan krise- og traumeforståing
Vi vil leggje stor vekt på korleis kandidaten kompletterer den faglege sammensetninga i teamet.
Vi tilbyr
- ein meiningsfull og utfordrande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme Statens barnehus for framtida
- fast stilling som seniorrådgivar (stillingskode 1364) lønn frå kr. 710 000- 800 000 brutto per år
- medlemsskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- mogleghet for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansattloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontakt
- Tina Marita Vestre, Seksjonsleiar, +47 48 88 72 16
Krav
- Minimum fem års høgare utdanning på master- eller profesjonsnivå, for eksempel innan helse- og sosialfag, pedagogikk, psykologi eller tilsvarande kliniske utdanningar
- Arbeidserfaring frå minst eit av følgjande fagfelt: Barne- og ungdomspsykiatri, barnevern, familievern, førebyggjande helsearbeid blant barn og unge, eller barn/vaksenhabilitering
- Arbeidserfaring frå klinisk arbeid med barn eller familiar
- Erkjenning av politiattest (uttømmande og utvida) ved eventuell tilsetjing
Ferdigheter
Lønn
710 000-800 000 brutto per år
Erfaring
senior
Spørsmål og svar
Hvem er Møre og Romsdal politidistrikt?
- Ansatte
- 745
- Hovedkontor
- Ålesund
- Avdelinger
- 20 steder: Aure, Fosnavåg, Elnesvågen, Kristiansund N, Molde, Ålesund, Brattvåg, Åndalsnes, Smøla, Stranda, Sunndalsøra, Surnadal
- Bransje
- Aktiviteter utført av politi- og påtalemyndighet
- Organisasjonsform
- Organisasjonsledd
- Org.nr.
- 974 764 113
Kilde: Enhetsregisteret
Hvor mange stillinger har Møre og Romsdal politidistrikt lyst ut de siste 90 dagene?
Møre og Romsdal politidistrikt har lyst ut 28 stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Helse og sosial de siste 90 dagene?
Det er lyst ut 11970 stillinger innen Helse og sosial de siste 90 dagene.
Slik finner du Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
