- søknader
- 6 søknader
- visninger
- 68 visninger
- Frist
- Frist: 18 dager igjen
Logg inn for å bruke Auto-Apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Er du nysgjerrig, strukturert og tolmodig? Har du evna til å sjå detaljar og vere fokusert i ulike situasjonar? Kan du setje spor, eller fråvær av spor, i ein samanheng slik at det kan kaste lys over ein hendingsgang?
Vi håpar at du som les dette med engasjement og interesse vil søkje på fast stilling som kriminalteknikar stadsplassert i Molde. Vi kan love ein givande, utfordrande og spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø.
Avsnitt for kriminalteknisk etterforsking er plassert ved felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking. Avsnittet har ni medarbeidarar på fire lokasjonar i politidistriktet. Vi har brei fagleg bakgrunn og mykje erfaring frå ulike sakstypar. Avsnittet dekkjer 24/7-beredskap med reserveteneste og du må kunne bidra inn i ei slik teneste. I tillegg må du rekne med å bidra i sokkelgruppa til politidistriktet. Du vil få opplæring og kurs som sørgjer for fagleg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre kriminaltekniske undersøkingar av åstadar
- Gjennomføre innleiande laboratorieundersøkingar og vurdere vidare sakkunnige undersøkingar
- Samle og tolke resultata frå eigne og eksterne sakkunnige undersøkingar, og saman med etterforskingsmiljøa setje desse i samanheng
- Sporsikring og dokumentasjon ved sakkunnige undersøkingar, eksempelvis likundersøkingar og ved ID-saker
- Delta i reservetjeneste for kriminalteknisk beredskap
- Kunne hjelpe ved hendingar på kontinentalsokkelen (sokkelgruppa)
- Kan påleggast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Bestått politi(høg)skulen
- Vidareutdanning i kriminalteknikk 1A
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- Vidareutdanning i kriminalteknikk 1B og 1C
- Fleire vidareutdanningar og kurs innan kriminalteknikk
- Erfaring frå etterforsking og då særleg som kriminalteknikar
- Anna relevant utdanning eller erfaring
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass i politiet
- For erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 690 000 - kr. 760 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 720 000 - kr. 800 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Endringar i stillingsbenevnelser og stillingskodar må påreknast som følger av innføring av nytt gradssystem i 2027
- Godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Søknad
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontakt
- Kurt Kim Stige, Avsnittsleiar, +47 41 55 16 58
Krav
- Bestått politi(høg)skulen
- Vidareutdanning i kriminalteknikk 1A
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet
Ferdigheter
Lønn
Kr. 560 000 - kr. 800 000
Erfaring
senior
Spørsmål og svar
Hvem er Møre og Romsdal politidistrikt?
- Ansatte
- 745
- Hovedkontor
- Ålesund
- Avdelinger
- 20 steder: Aure, Fosnavåg, Elnesvågen, Kristiansund N, Molde, Ålesund, Brattvåg, Åndalsnes, Smøla, Stranda, Sunndalsøra, Surnadal
- Bransje
- Aktiviteter utført av politi- og påtalemyndighet
- Organisasjonsform
- Organisasjonsledd
- Org.nr.
- 974 764 113
Kilde: Enhetsregisteret
Hvor mange stillinger har Møre og Romsdal politidistrikt lyst ut de siste 90 dagene?
Møre og Romsdal politidistrikt har lyst ut 28 stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Sikkerhet og beredskap de siste 90 dagene?
Det er lyst ut 1095 stillinger innen Sikkerhet og beredskap de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
Slik finner du Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
