Autosøk
Sogndal kommune Plan og teknisk logo

Tenesteleiar plan og forvaltning

Sogndal kommune Plan og teknisk

Riverdalen 5, 6856 Sogndal

Administrasjonsjobber i Sogndal
søknader
4 søknader
visninger
63 visninger
Frist
Frist: 10 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vil du vere med og forme framtidas Sogndal? Korleis skal Sogndal utvikle seg som bu-, arbeids- og regionsenter? Korleis legg me til rette for attraktive lokalsamfunn, bærekraftig vekst og næringsutvikling, samtidig som me tek vare på klima og natur? Som tenesteleiar for plan og forvaltning får du ei sentral rolle i dette arbeidet. Du får ansvar for eit breitt fagområde, leie og utvikle dyktige medarbeidarar og påverke avgjerder som vil setje spor i lokalsamfunnet i mange år framover.

Me ser etter ein leiar som kombinerer fagleg tryggleik med evne til å skape retning, samarbeid og resultat. Du ser samanhengen mellom gode planar, effektiv forvaltning og framtidig verdiskaping, og motiverast av å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom fag, politikk og samfunnsutvikling.

Du rapporterer til kommunalsjef for plan og samfunn og blir ein viktig del av leiarteamet som skal utvikle morgondagens Sogndal.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ei fagleg og strategisk drivkraft for areal- og samfunnsutvikling
  • Sikre høg kvalitet, god framdrift og føreseieleg sakshandsaming
  • Byggje god dialog med innbyggjarar, næringsliv, utbyggjarar og offentlege aktørar
  • Vere eit bindeledd mellom sakshandsamarar, administrativ og politisk leiing, utbyggjarar og regionale styresmakter
  • Utvikle medarbeidarane og byggje eit sterkt, attraktivt og kompetent fagmiljø
  • Vidareutvikle ein kultur prega av tillit, ansvar, samarbeid og kontinuerleg forbetring
  • Styrkje det tverrfaglege samarbeidet og bidra til gode, heilskaplege løysingar
  • Bidra aktivt i strategisk utviklingsarbeid og i leiarteamet i sektoren

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, helst innan arealplanlegging, byggesak, jus eller ingeniørfag. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og regelverk, særleg forvaltningslova og plan- og bygningslova
  • Erfaring med planprosessar og sakshandsaming, og kompetanse til å handsame klagesaker etter forvaltningslova og plan- og bygningslova
  • Leiarerfaring og erfaring med å leie fagleg utviklings- og endringsarbeid
  • God rolle- og systemforståing, og forståing for samspelet og skiljet mellom administrasjon, fag, juss og politikk
  • God organisasjons- og økonomiforståing, og evne til å ta i bruk teknologi og digitalisering i utviklinga av tenestene
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Leier gjennom tillit og tydelege rammer, og gir medarbeidarane ansvar og rom for utvikling
  • Løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • Arbeider strukturert og systematisk, også når arbeidsprosessane er komplekse og arbeidsmengda tidvis er høg
  • Har god rolleforståing og trivst i skjeringspunktet mellom politikk, administrasjon og samfunn
  • Kommuniserer godt og byggjer gode relasjonar, både internt og eksternt
  • Ser verdien av tverrfagleg samarbeid og kan samle ulike fagmiljø rundt felles mål
  • Har god kjennskap til offentleg sektor og politiske prosessar
  • Evnar å støtte og utvikle medarbeidarar i eit tverrfagleg fagmiljø

Vi tilbyr

  • Ei leiarstilling med stor grad av ansvar og påverknad
  • Høve til å forme og vidareutvikle eit sterkt fagmiljø
  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med høge ambisjonar
  • Ein organisasjon som satsar på tillitsbasert leiing og utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Søknad

Søknadar må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Kontakt

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Krav

  • Relevant høgare utdanning, helst innan arealplanlegging, byggesak, jus eller ingeniørfag
  • God kjennskap til forvaltningslova og plan- og bygningslova
  • Erfaring med planprosessar og sakshandsaming, og kompetanse til å handsame klagesaker
  • Leiarerfaring og erfaring med å leie fagleg utviklings- og endringsarbeid

Ferdigheter

arealplanleggingbyggesakforvaltningslovaplan- og bygningslovasakshandsamingklagesakerfagleg utviklingendringsarbeid

Lønn

800 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvem er Sogndal kommune Plan og teknisk?
Ansatte
2 488
Hovedkontor
Leikanger (Sogndal)
Avdelinger
97 steder: Sogndal, Balestrand, Leikanger, Fjærland, Kaupanger, Fardal
Bransje
Generell offentlig administrasjon
Organisasjonsform
Kommune
Org.nr.
922 121 893

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger er lyst ut innen Administrasjon de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 4111 stillinger innen Administrasjon de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Sogndal kommune Plan og teknisk

Riverdalen 5, 6863 Leikanger

Lignende jobber

Se alle