Bli med i eit inkluderande politi som jobbar for eit trygt Noreg! Vi ser etter deg som vil gjere ein forskjell.
Kyrkjegata 2, 4200 Sauda
Sikkerhet- og beredskapsjobber i Sauda- søknader
- 5 søknader
- visninger
- 41 visninger
- Frist
- Frist: 4 dager igjen
Logg inn for å bruke Auto-Apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Sør-Vest politidistrikt søker ein erfaren og engasjert leiar til geografisk driftseining Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord (GDE4). Du vil bli ein del av politimeisterens leiargruppe som skal forma korleis Sør-Vest politidistrikt skal jobba i framtida. Me forventar at du bidrar aktivt til heilskapleg drift og utvikling av både politidistriktet og driftseininga du skal leia. Du bidrar til å skapa ein fleksibel organisasjon med ein kultur for å jobba og dela på tvers.
Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og breit tenestetilbod til innbyggjarane.
Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skapa tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Sørga for eit godt fungerande leiarteam i driftseininga
- Budsjett-, resultat- og personal, og HMS-ansvar
- Sikra ei balansert polititeneste (førebygging, beredskap og etterforsking), som held høg kvalitet og er basert på kunnskap
- Kontakt med publikum, samhandling med kommunane og andre lokale aktørar innanfor det geografiske området
- Utvikla ønska kultur gjennom god leiing, aktivt medarbeidarskap og godt partssamarbeid
- Legga til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørga for systematiske forbetringar i polititenesta
- Sørga for god samhandling med andre driftseiningar i eige og andre politidistrikt/særorgan
- Sørga for effektiv bruk av tilgjengeleg teknologi, som vil letta det daglege arbeidet og støtta opp under gode arbeidsprosessar
- Bidra aktivt inn i politimeisterens leiargruppe, ved å ta ansvar for ei heilskapleg drift og utvikling av Sør-Vest politidistrikt og følga opp det som er bestemt i eiga driftseining
Kvalifikasjonar
- Politiskole/Politihøgskole eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå
- Minimum 3 års relevant leiarerfaring med personalansvar
- Leiarutdanning med minimum 30 studiepoeng eller forplikta deg til å gjennomføra slik utdanning innan avtalt tid
- God forståing for kriminalitetsførebygging, etterretning, operativt politiarbeid, etterforsking og heilskapleg arbeid i straffesakskjeda
- Kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS)
- Dokumentert gode resultat i tidlegare stillingar
- Gode språkkunnskapar munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
- Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG
Personlege eigenskapar
- Er resultatorientert og har god avgjerds- og gjennomføringsevne
- Er ein pådrivar for at heile organisasjonen jobbar systematisk med forbetring og effektivisering
- Er ein pådrivar for eit godt samarbeid mellom alle funksjonar internt og eksternt
- Har eit godt heilskapleg blikk og evne til strategisk og langsiktig arbeid
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som politiinspektør (stillingskode 0290) med årslønn frå kr 1.228.000 kr brutto per år
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknad
Du søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Krav
- Minimum 3 års relevant leiarerfaring med personalansvar
- Politiskole/Politihøgskole eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå
- God forståing for kriminalitetsførebygging, etterretning, operativt politiarbeid, etterforsking og heilskapleg arbeid i straffesakskjeda
Ferdigheter
Lønn
frå kr 1.228.000 kr brutto per år
Erfaring
senior
Spørsmål og svar
Hvem er Sør-Vest politidistrikt?
- Ansatte
- 1 407
- Hovedkontor
- Stavanger
- Avdelinger
- 16 steder: Egersund, Ølen, Haugesund, Bryne, Kopervik, Stavanger, Sandnes, Randaberg, Sauda, Sola, Stord, Jørpeland
- Bransje
- Aktiviteter utført av politi- og påtalemyndighet
- Organisasjonsform
- Organisasjonsledd
- Org.nr.
- 983 998 313
Kilde: Enhetsregisteret
Hvor mange stillinger har Sør-Vest politidistrikt lyst ut de siste 90 dagene?
Sør-Vest politidistrikt har lyst ut 19 stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?
Det er lyst ut 3 lignende stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
Slik finner du Sør-Vest politidistrikt
Lagårdsveien 6, 4010 Stavanger