- søknader
- 3 søknader
- visninger
- 61 visninger
- Frist
- Frist: 12 dager igjen
Logg inn for å bruke Auto-Apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar på Bønes i Bergen kommune. Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år med behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeider med ungdom med åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus. Ungdommane bur hos oss etter barnevernslova §§ 6-1 og 6-2.
Hos oss er samarbeid og relasjonar sentrum, både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket rundt dei. Vi legg stor vekt på å involvere foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen. Behandlinga byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori. Arbeidet vårt handlar om å hjelpe ungdommane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å handtere situasjonar som tidlegare har ført til rusbruk.
I 2026 vart det innført eit nytt fagleg rammeverk for å sikre ein einskapleg fagleg kvalitet i institusjonane. Rammeverket byggjer på kunnskapsmodellen Barnets behov i sentrum (BBIS) og skal styrkje det faglege innhaldet i behandlinga.
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi no ledig ei 70 % stilling som miljøterapeut i vikariat. Vikariatet varer frå 04.01.2027 til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging. Det vil òg vere mogleg og ønskjeleg å ta ekstravakter utover avtala stillingsprosent. Det kan bli ledig fleire vikariat i deltidsprosent ved avdelingane. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging.
Søkjarar som også kan vere interessert dersom det blir ledig vikariat med lågare stillingsprosent, blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden. Stillinga inngår i todelt turnus med dag- og kveldsvakter, samt innslag av langvakter, og arbeid kvar fjerde helg. Ved kvar avdeling har vi to vakne nattevakter. Endringar i turnusordninga kan førekome.
Arbeidsoppgåver
- Utøve målretta behandlingsarbeid etter metoden Læringsbasert rusbehandling (LBR)
- Delta i utforming, gjennomføring og evaluering av individuelle behandlingsplanar
- Gjennomføre behandlingssamtalar og delta i behandlingsmøte med ungdom og samarbeidspartnarar
- Gjennomføre risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak for å ivareta tryggleiken og behandlingsmålet
- Samarbeide tett med barnevernstenesta, føresette, nettverk, politi, skule og helseinstansar
- Sikre ungdomane sin rettstryggleik gjennom fagleg forsvarleg og presis dokumentasjon
- Gje ungdomane tryggleik, omsorg og struktur gjennom å vere ein tydeleg, varm og føreseieleg vaksen
- Rettleie, motivere og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte
- Ha ansvar for tildelte ansvarsområde, mellom anna innan vakt- og brannvern
- Delta i rettleiing, konsultasjon og fagleg utviklingsarbeid
- Gjennomføre obligatorisk opplæring og trening innan tryggleik og sikkerheit i barnevernsinstitusjon
- Bidra i praktiske gjeremål og daglege rutinar på avdelinga
- Samarbeide tett med kollegaer og bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast
- Kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, kan og vurderast
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- God fysisk og psykisk helse
- Ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og varm vaksen som møter ungdom med respekt, ro og nysgjerrigheit
- Du byggjer gode relasjonar og skapar tillit, også når situasjonane er krevjande
- Du trivst i ein variert kvardag, handterer utfordringar på ein profesjonell måte og evnar å omstille deg når behova til ungdommane endrar seg
- Du er open for rettleiing, fagleg utvikling og ny kunnskapsamarbeid
- Du arbeider strukturert, metodisk og løysingsorientert
- Du tek ansvar og arbeider sjølvstendig
- Du handterer konfliktar og krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, kr 490 000 - 640 000 pr. år
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kr 540 000 - 690 000 pr år
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer
- Gott fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod
- Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar
Søknad
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
Krav
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- God fysisk og psykisk helse
- Ha førarkort klasse B
Ferdigheter
Lønn
kr 490 000 - 640 000 pr. år
Erfaring
mid-level
Spørsmål og svar
Hvor mange stillinger har Bufetat lyst ut de siste 90 dagene?
Bufetat har lyst ut 95 stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Helse og sosial de siste 90 dagene?
Det er lyst ut 11970 stillinger innen Helse og sosial de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
