Autosøk
Samnanger kommune logo

Familieterapeut/fagutviklar - Samnangerhjelpa

Samnanger kommune

Tyssevegen 108, 5650 Tysse

søknader
6 søknader
visninger
46 visninger
Frist
Frist: 8 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Er du både menneske- og systemorientert? Brenn du for relasjonelle samtalar, men har også eit blikk for korleis me kan utvikle betre tenester? Då kan dette vere stillinga for deg. I Samnangerhjelpa, knappe 40 minutt med bil frå Bergen sentrum, søker me ein familieterapeut som ønsker å gjere ein forskjell – både i møte med barn, unge og familiar, og gjennom utvikling av gode faglige arbeidsformer.

Me ser etter deg som tenker heilskaplig, ser muligheter og trivst med å skape gode løysingar saman med andre. Hos oss får du kombinere terapeutisk arbeid med fagutvikling i eit tverrfaglig miljø, der det er kort veg frå idé til handling. Stillinga er ei 100 % eittårig prosjektstilling.

Samnangerhjelpa er kommunen sitt tverrfaglige lågterskeltilbod der innbyggjarane kan få hjelp utan tilvising. Me arbeider etter prinsippet om «éi dør inn», med mål om å gi tidlig og tilgjengelig hjelp og sikre god samhandling rundt dei som treng det. Stillinga er finansiert gjennom tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland, med særleg vekt på å styrke det psykiske helsetilbodet til barn, unge og familiar.

Arbeidsoppgåver

  • Familieterapeutiske samtalar og oppfølging av barn, unge, foreldre og familiar
  • Foreldrerettleiing med vekt på relasjonar, samspel og meistring
  • Kartlegging av ressursar, utfordringar og hjelpebehov
  • Gi tidlig og målretta hjelp ved psykiske helseutfordringar
  • Bidra til utvikling og gjennomføring av individuelle og gruppebaserte tilbod
  • Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og kunnskapsbasert praksis i Samnangerhjelpa
  • Medverke til utvikling av gode arbeidsmetodar, rutinar og tverrfaglige samarbeidsformer
  • Bidra med systemisk forståing og faglige perspektiv i vidareutviklinga av tenesta
  • Legge til rette for brukarmedverknad (eks. KOR/FIT) og bidra til evaluering og forbetring av tenestetilbodet
  • Samarbeide tett med andre kommunale tenester og aktuelle samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Relevant helse- eller sosialfaglig utdanning på minimum bachelornivå
  • Vidareutdanning i familieterapi eller anna relevant terapeutisk vidareutdanning
  • Erfaring frå terapeutisk arbeid med barn, unge og familiar
  • God systemisk forståing og erfaring med relasjonelt arbeid
  • God kunnskap om psykisk helse, relasjonar og familiearbeid
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk digitale verktøy i klinisk arbeid, samhandling og fagutvikling
  • God skriftlig og munnlig framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B og mulighet til å disponere eigen bil i tenesta

Personlege eigenskapar

  • Er trygg, empatisk og har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Har eit godt systemisk blikk og evne til å sjå samanhengar mellom individ, familie og tenestene rundt
  • Er fagleg engasjert, nysgjerrig og utviklingsorientert
  • Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Er initiativrik, løysingsorientert og evnar å omsetje idear til praktisk handling
  • Har gode samarbeidsevner og trivst i eit tverrfaglig arbeidsmiljø
  • Er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike behov og situasjonar
  • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og deler gjerne kunnskap og erfaringar med andre

Vi tilbyr

  • Ei spennande og variert prosjektstilling der du får kombinere klinisk arbeid med fagutvikling
  • Mulighet til å påverke og bidra til vidareutviklinga av eit viktig kommunalt lågterskeltilbod
  • Eit engasjert og tverrfaglig arbeidsmiljø med høg faglig kompetanse
  • Tett samarbeid med kommunepsykolog, familieterapeut, helsesjukepleiar og andre fagpersonar
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode muligheter for faglig utvikling
  • Ei arbeidsplass med korte beslutningsvegar og rom for initiativ og nytenking
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Søknad

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

Krav

  • Relevant helse- eller sosialfaglig utdanning på minimum bachelornivå
  • Vidareutdanning i familieterapi eller anna relevant terapeutisk vidareutdanning
  • Erfaring frå terapeutisk arbeid med barn, unge og familiar

Ferdigheter

FamilieterapiSystemisk forståingRelasjonelt arbeidPsykiatrisk helseDigitale verktøyFagutviklingTverrfagleg samarbeid

Lønn

Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

630 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

senior

Lignende jobber

Se alle