Autosøk
Bufetat logo

Miljøterapeut, vaken nattevakt - 70,3% fast stilling

Bufetat

Lindøy 1, 4O13 Stavanger, 4013 Stavanger

Helse- og sosialjobber i Stavanger
søknader
5 søknader
visninger
41 visninger
Frist
Frist: 9 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved Nord-Jæren barne- og ungdomssenter, avdeling Lindøy, har vi ledig fast stilling som miljøterapeut - vaken nattevakt i 70,3 % stilling. Turnusen inneber arbeid kvar fjerde helg. Å arbeide som nattevakt handlar om mykje meir enn å passe på medan andre søv. Du bidreg til å skape ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag for ungdomar som treng gode vaksne rundt seg. Gjennom ro, tryggleik og fagleg tilstadevering er nattevakta ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Dei som arbeider natt, er ikkje berre til stades når huset søv, men er ein viktig del av heilskapen rundt ungdommen og bidreg til omsorg, utvikling og tryggleik i kvardagen.

Nord-Jæren barne- og ungdomssenter består av fire avdelingar og tilbyr omsorg til ungdom mellom 13 og 18 år etter barnevernslova §§ 5-1 og 3-2. Avdeling Lindøy har fire plassar og eit tverrfagleg samansett fagmiljø. Vi arbeider målretta med miljøterapi, traumesensitiv tilnærming og standardisert forløp for å skape varig positiv endring i livet til ungdommane. Samarbeid med familiar, skule, helsevesen og kommunale tenester står sentralt for å gi ungdommane heilskapleg oppfølging.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleie ungdommane og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte.
  • Utføre ulike praktiske oppgåver som er nødvendige for den daglege drifta av heimen.
  • Handtere kriser og stressfylte situasjonar.
  • Handtere og arbeide førebyggjande mot hendingar der barn og unge kan skade seg sjølve eller andre.
  • Bidra til å ivareta rettstryggleiken til ungdommane gjennom god dokumentasjon.
  • Reflektere over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartnarar (etisk refleksjon).
  • Følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha minimum treårig relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fullført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innan relevante fagområde.
  • Studentar som er i ferd med å fullføre bachelorutdanning innan sosialt arbeid, barnevern eller vernepleie, kan òg bli vurderte.
  • For søkjarar utan relevant bachelorutdanning kan vi vurdere søkjarar med minimum tre års relevant erfaring frå barnevern og/eller institusjonsarbeid.
  • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Robust og emosjonelt trygg - Du har evne til å meistre stress ved å sjå utfordringar som handterbare, meiningsfulle og mogelege å påverke.
  • Sjølvreflektert - Du har evne til å reflektere over eigne og andre sine opplevingar, synspunkt, oppfatningar og behov, og skilje mellom desse.
  • Verdibasert - Du identifiserer deg med, opptrer og arbeider i tråd med vårt samfunnsoppdrag og våre kjerneverdiar: «Respekt, openheit og deltaking».
  • Motivert - Du er engasjert i å arbeide for barnet sitt beste.
  • Tolmodig, nøyaktig og detaljorientert - Du har evne til å følgje opp behandlings- og tiltaksplanar på ein lojal og systematisk måte, med fokus på langsiktige resultat.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, kr 490 000 - 640 000 pr. år.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kr 540 000 - 690 000 pr år.
  • Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.

Søknad

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

Krav

  • Minimum treårig relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fullført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innan relevante fagområde.
  • Gode norskkunnskaper (tilsvarande nivå B2).
  • Førarkort klasse B.

Ferdigheter

Miljøterapeutisk arbeidTraumesensitiv tilnærmingFagleg dokumentasjonEtisk refleksjonKrisehåndteringFølgje opp planar systematisk

Lønn

kr 490 000 - 640 000 pr. år

Erfaring

mid-level

Spørsmål og svar

Hvor mange stillinger har Bufetat lyst ut de siste 90 dagene?

Bufetat har lyst ut 97 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 13 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Lignende jobber

Se alle
Veidekke Entreprenør AS logo

ITB Prosjektleder Veidekke Rogaland

Veidekke Entreprenør AS · Laberget 22, 4020 Stavanger

5 søkere79 visninger3 dager igjen
  • ITB-ledelse
  • Systematisk ferdigstillelse
  • NS 3935
  • NS 6450
  • BIM
  • +2 til
MDE Stavanger logo

Metodeingeniør EIT – Stavanger

MDE Stavanger · Stavanger, 4033 Stavanger

6 søkere90 visninger10 dager igjen
  • EIT (elektro, instrument, telecom)
  • Installasjonsplanlegging
  • 3D-modeller (CAD)
  • Microsoft Office
  • Arbeidspakker
  • +1 til
HV: Bo og Aktivitet Sør: Kyrkjehaugen puh-bolig, Stavanger kommune logo

Kyrkjehaugen bofellesskap - Vernepleier / sykepleier 100%

HV: Bo og Aktivitet Sør: Kyrkjehaugen puh-bolig, Stavanger kommune · Boganesgeilen 11, 4032 Stavanger

2 søkere22 visninger11 dager igjen
  • Vernepleie
  • Sykepleie
  • MAP (mestring av aggresjonsproblematikk)
  • PAS (positiv atferdsstøtte)
  • Tverrfaglig samarbeid
  • +2 til