Autosøk
HAMNØY AS logo

Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg

HAMNØY AS

Naustbakken 7, 5773 Hovland

søknader
6 søknader
visninger
47 visninger
Frist
Frist: 38 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Kraftmuseet søker ein avdelingsleiar bygg og anlegg. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen er kort frå plan til handling. Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune.

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar rapporterer du til direktør og leier ei avdeling med fire faste medarbeidarar med bakgrunn som fagarbeidarar, snikkarar og mekanikarar. Du er synleg i den daglege drifta og held samtidig oversikt over årshjulet, prosjekta og prioriteringane i avdelinga. Du vil også jobbe med å prosjektere, kalkulere og byggjeleie store og små bygningstiltak.

  • Leie, følgje opp og motivere medarbeidarane i avdelingane
  • Planleggje og følgje opp eit heilårleg årshjul for drift og vedlikehald, tilpassa årstida
  • Skrive søknader om tilskot, til dømes midlar til forvaltning, drift og vedlikehald frå Riksantikvaren, og rapportere på dei
  • Utarbeide grunnlag for offentlege anbod og følgje opp eksterne rådgjevarar og entreprenørar
  • Halde god dialog med vernestyresmaktene og delta i faglege nettverk
  • Handtere akutte avvik på bygg og anlegg på ein strukturert og ryddig måte
  • Bidra til revisjon av internt planverk og leggje til rette ved utleige av lokale

Kvalifikasjonar

Du må ha utdanning som byggingeniør eller arkitekt, eller fagbrev som tømrar eller snikkar med vidareutdanning som meister, frå teknisk fagskule eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse.

  • Minst tre års relevant erfaring frå prosjektering, prosjektleiing eller byggjeleiing
  • God kjennskap til norsk plan og lovverk og avtaleverk innan bygg
  • Forståing for kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern
  • Erfaring med personalleiing, eller gode leiareigenskapar og vilje til å lære
  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til prosjekteringsverktøy
  • Vært god norsk munnleg og skriftleg, og gjerne erfaring med nynorsk som arbeidsspråk
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Du er tålmodig og inspirerande, lyttar godt, fremjar saka di på ein konstruktiv måte og finn gode kompromiss når prioriteringane står mot kvarandre. Du er nysgjerrig, trivst både ute i drifta og med planlegginga, og har interesse for museumsfeltet og kulturarven vi forvaltar.

Vi tilbyr

Kraftmuseet tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

Søknad

Søknadsfrist er 3. januar 2027. Send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt, også overfor oss i Kraftmuseet i den innleiande fasen dersom det er ønskjeleg.

Kontakt

Du kan kontakte rådgjevarane ved HAMNØY AS:

  • Fredrik Deilkås, tlf. 984 72 541, e-post: fad@hamnoy.no
  • Dorthe Øygard Eide, tlf. 484 47 373, e-post: doe@hamnoy.no

Krav

  • Utdanning som byggingeniør eller arkitekt, eller fagbrev som tømrar eller snikkar med vidareutdanning som meister
  • Minst tre års relevant erfaring frå prosjektering, prosjektleiing eller byggjeleiing
  • God kjennskap til norsk plan og lovverk og avtaleverk innan bygg

Ferdigheter

Byggfagleg forankringProsjekteringByggjeleiingPersonaleledelseDigital kompetanseNorsk munnleg og skriftlegFørarkort klasse B

Lønn

Lønn etter tariff

570 000 kr per år

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvem er HAMNØY AS?
Stiftet
28. august 2018
Ansatte
15
Hovedkontor
Førresfjorden (Tysvær)
Avdelinger
1 steder: Førresfjorden
Bransje
Rekruttering og formidling av arbeidskraft
Organisasjonsform
Aksjeselskap
Org.nr.
921 432 232

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger er lyst ut innen Bygg og anlegg de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 2060 stillinger innen Bygg og anlegg de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du HAMNØY AS

Frakkagjerdvegen 191, 5563 Førresfjorden

Lignende jobber

Se alle
Statsbygg logo

Prosjektdirektør Nytt regjeringskvartal

Statsbygg · Biskop Gunnerus’ gate 6, 0155 Oslo

3 søkere52 visninger17 dager igjen
  • Byggherre-rolle
  • Prosjektstyring
  • Kontraktforståelse
  • Risikostyring
  • Samspill med leverandører
  • +3 til
SPAREBANK 1 RINGERIKE HADELAND logo

Kunderådgiver Privatmarked Lillestrøm

SPAREBANK 1 RINGERIKE HADELAND · Landstads gate 45, 2000 Lillestrøm

4 søkere46 visninger13 dager igjen
  • Kredittvurdering
  • Kundeservice
  • Rådgivning
  • Kommunikasjon
  • Kundeprosesser
  • +3 til