Autosøk
Vest politidistrikt logo

Politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar

Vest politidistrikt

Bergen

Sikkerhet- og beredskapsjobber i Bergen
søknader
5 søknader
visninger
47 visninger
Frist
Frist: 10 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar

Vi søker etter robuste etterforskere som ønsker å jobbe med seksuelle overgrep mot barn

Om stillinga

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av drap, grov vald og grove seksuallovbrudd, er det ledig fleire faste stillingar som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar. Stillingane er underlagt avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrudd. Avsnittet består av 20 medarbeiderer totalt og har som funksjon å bistå med spisskompetanse i høgt prioriterte saker. Stillingane er distriktsovergripande og du vil vere tett på der dei mest alvorlege ugjerningane blir etterforska. Me har eit hektisk og godt fagmiljø som består av medarbeiderer i ulike aldre og av begge kjønn.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarlig for oppfølging av arbeidsoppgåver i tildelte straffesaker
  • Prioritere etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og informasjonsbehov saman med PEL og PÅL (Politifagleg og påtalefagleg etterforskingsleiing)
  • Bidra til god fagleg kvalitet og resultatoppnåing i sakene på avsnittet
  • Gjennomgang av digitale enheter, skrive innholdsanalyse
  • Yte fagleg rettleiing til geografiske driftseiningar ved behov
  • Bidra aktivt til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra til god kommunikasjon internt og eksternt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Tjenesta inneber noko skift-og turnusrbeid

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Vitnemål frå Politiskulen/ Politihøgskulen
  • Tilfredsstille kompetansekrava for politibetjent 3 og ha arbeidet innan etterforsking av seksuelle overgrep i minimum 3 år.
  • I særlege tilfelle kan omfattande relevant erfaring og dokumentert spesialistkompetanse, opparbeidd i eller utanfor politietaten, kompensere for delar av kompetanse- og erfaringskrava
  • Erfaring med etterforsking av seksuelle overgrep mot barn på internett
  • God kjennskap til politiets systemer
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring frå og kurs innan digitalt politiarbeid
  • Erfaring frå tilrettelagte avhøyr
  • Relevant tilleggsutdanning innan etterforsking og seksuelle overgrep spesielt
  • Kjennskap til skjulte etterforskingsmetodar
  • God munnleg og skriftleg framføring

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga vert lønna som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeider (stillingskode 0285) med årslønn frå kr 770.000 brutto per år. Nytt gradssystem frå 2027 kan medføre endringar i stillingskode og stillingsnemning. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalene i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknad

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Kontakt

  • Kristine Lindebjerg Eikemo, Avsnittsleiar, +4741434506
  • Spørsmål om CV/ Søknad, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no

Krav

  • Vitnemål frå Politiskulen/ Politihøgskulen
  • Tilfredsstille kompetansekrava for politibetjent 3 og ha arbeidet innan etterforsking av seksuelle overgrep i minimum 3 år
  • Erfaring med etterforsking av seksuelle overgrep mot barn på internett

Ferdigheter

Etterforsking av seksuelle overgrepDigitalt politiarbeidTilrettelagde avhøyrSpesialistkompetanse i etterforskingGod munnleg og skriftleg framføring

Lønn

årslønn frå kr 770.000 brutto per år

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvem er Vest politidistrikt?
Ansatte
1 503
Hovedkontor
Bergen
Avdelinger
33 steder: Kleppestø, Aurland, Storebø, Blomsterdalen, Nyborg, Bergen, Nesttun, Fyllingsdalen, Os, Svelgen, Dale i Sunnfjord, Florø
Bransje
Aktiviteter utført av politi- og påtalemyndighet
Organisasjonsform
Organisasjonsledd
Org.nr.
983 998 461

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange stillinger har Vest politidistrikt lyst ut de siste 90 dagene?

Vest politidistrikt har lyst ut 31 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Sikkerhet og beredskap de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 1095 stillinger innen Sikkerhet og beredskap de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Vest politidistrikt

Allehelgens gate 6, 5016 Bergen

Lignende jobber

Se alle