Autosøk
Om Kartverket logo

Markedsrådgiver analyse og brukerinnsikt

Om Kartverket

Verven 4, 4014 Stavanger

IT-jobber i Stavanger
søknader
6 søknader
visninger
52 visninger
Frist
Frist: 10 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

For å styrkje bruken og samfunnsnytten av Kartverket sine data og tenester søkjer vi ein nyutdanna, analytisk og samfunnsengasjert rådgivar som kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneska bak tala. Vi ser etter deg som har fullført ein relevant mastergrad, og som ønskjer å bruke analyse, kunstig intelligens og brukarinnsikt til å forstå brukarane sine behov og bidra til betre avgjerder og auka verdiskaping.

Som rådgivar i marknadsavdelinga får du ei sentral rolle i arbeidet med å forstå kven som brukar Kartverket sine data og tenester, korleis dei blir brukte, og kva behov brukarane har. Du vil kombinere kvantitative analysar med kvalitative metodar for å få innsikt i både kva brukarane gjer, og kvifor dei gjer det.

Du vil arbeide både strategisk og operativt med analyse, brukarinnsikt og effektmåling. Ein viktig del av rolla er å omsetje data og innsikt til relevante tilrådingar som gir grunnlag for prioriteringar, betre brukaroppfølging og auka samfunnsnytte. Samarbeid med brukarar, fagmiljø, dataforvaltarar og andre interessentar er viktig for å lukkast. Du får spennande og varierte oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, analyse, menneskeforståing og samfunnsnytte.

Stillinga vil vere knytt til Kartverket si sentrale marknadsavdeling. Marknadsavdelinga består av seks dyktige kollegaer fordelte mellom Hønefoss og Stavanger. Du vil arbeide med oppgåver innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde, men arbeidsstaden din vil vere Stavanger. Noko reiseverksemd må reknast med.

Arbeidsoppgåver

  • Analysere brukardata og bruksmønster på tvers av Kartverket sine produkt og tenester for å identifisere behov, trendar og moglegheiter for verdiskaping.
  • Kartleggje og segmentere brukargrupper, og gjennomføre brukarundersøkingar, intervju og analysar av brukarreiser.
  • Kombinere kvalitative og kvantitative data for å utvikle heilskapleg brukarinnsikt.
  • Måle effekten av tiltak og utarbeide analysar og tilrådingar som støttar strategiske og operative avgjerder.
  • Utforske og ta i bruk statistiske metodar, prediktive analysar og maskinlæring for å identifisere mønster, samanhengar og utviklingsmoglegheiter der datagrunnlaget er eigna.
  • Hente inn, strukturere, kvalitetssikre og samanstille data frå ulike kjelder for å leggje til rette for analyse og utvikling av brukarinnsikt.
  • Bidra til å utvikle og automatisere analyseprosessar, rapportering og innsiktsarbeid ved bruk av programmering, KI og digitale verktøy.
  • Bruke og vidareutvikle CRM, Power BI og KI-løysingar til analyse, visualisering, rapportering og effektivisering av innsiktsarbeidet.
  • Formidle innsikt og synleggjere verdien av Kartverket sine data for leiing, fagmiljø og andre relevante interessentar.
  • Samarbeide med interne fagmiljø og eksterne interessentar om analyse- og innsiktsarbeid.
  • Bidra til andre relevante oppgåver i marknadsavdelinga.
  • Du vil arbeide med problemstillingar innan fleire av Kartverket sine samfunnsområde.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå innan økonomi, marknadsføring, analyse, samfunnsvitskap, teknologi eller tilsvarande.
  • Kompetanse og praktisk erfaring med kvalitative og kvantitative analysemetodar, brukarundersøkingar, segmentering og kartlegging av brukarbehov og brukarreiser.
  • Praktisk erfaring med KI i analyse- og innsiktsarbeid, og god teknologiforståing.
  • God kompetanse i Power BI og erfaring med analyse, statistikk, visualisering og formidling av data.
  • Kunnskap om CRM-system, effektmåling og evaluering av tiltak for å utvikle innsikt og avgjerdsgrunnlag.
  • God forståing for offentleg sektor, samfunnsoppdrag og korleis data og innsikt kan bidra til verdiskaping og samfunnsnytte.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, og evne til å samarbeide på tvers av fagmiljø og formidle analysar og tilrådingar til ulike målgrupper.

Personlege eigenskapar

  • Kombinerer god teknologiforståing med nysgjerrigheit på menneske og behova deira.
  • Er analytisk og strukturert, men evnar å sjå menneska bak tala.
  • Er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner.
  • Har evne til raskt å setje seg inn i komplekse problemstillingar.
  • Er engasjert, tek initiativ og har god gjennomføringsevne.
  • Evnar å omsetje data og brukarinnsikt til tydelege og relevante tilrådingar.
  • Er hjelpsam, fleksibel og trivst med å samarbeide på tvers av fagmiljø.

Vi tilbyr

  • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Ein kompetansearbeidsplass i utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Stillinga blir løna som 1434 rådgjevar med lønn fra 630 000,- til 700 000,-
  • Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Søknad

Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Kontakt

Celine Buisson Rosvold, Avdelingsdirektør Marked, +4797701597

Krav

  • Relevant høgare utdanning på masternivå innan økonomi, marknadsføring, analyse, samfunnsvitskap, teknologi eller tilsvarande.
  • Kompetanse og praktisk erfaring med kvalitative og kvantitative analysemetodar, brukarundersøkingar, segmentering og kartlegging av brukarbehov og brukarreiser.
  • Praktisk erfaring med KI i analyse- og innsiktsarbeid, og god teknologiforståing.

Ferdigheter

analysekunstig intelligensbrukarinnsiktPower BICRM-systemstatistikkdataformidlingeffektmåling

Lønn

630 000,- til 700 000,-

Erfaring

mid-level

Spørsmål og svar

Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 22 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Lignende jobber

Se alle
Trumf AS logo

CRM Marketing Specialist

Trumf AS · Karenslyst allé 12 -14, 0278 Oslo

6 søkere54 visninger3 dager igjen
  • CRM
  • Marketing automation
  • Segmentering
  • Kampanjeføring
  • Kundeanalyse
  • +3 til
WALLENIUS WILHELMSEN OCEAN AS logo

Data Analytics Specialist

WALLENIUS WILHELMSEN OCEAN AS · Strandveien 20, 1366 Lysaker

4 søkere53 visninger11 dager igjen
  • Power BI
  • SQL
  • Data Modelling
  • DAX
  • Python
  • +3 til
Beckhoff Automation logo

Applikasjonsingeniør, Bergen

Beckhoff Automation · Bergen, Norway, 5003 Bergen

8 søkere67 visninger5 dager igjen
  • PLS-programmering
  • IEC 61131-3
  • Nettverksteknologier
  • Feltbusser
  • Norsk og engelsk
  • +3 til
Universitetet i Agder (UiA) logo

Førsteamanuensis i systemutvikling

Universitetet i Agder (UiA) · Grimstad

3 søkere47 visninger19 dager igjen
  • Programvareutvikling
  • Programvareteknikk
  • Kildekodebehandling
  • Modelldrevet utvikling
  • Informasjonsmodellering
  • +2 til