Autosøk
Nav logo

HR-jurist

Nav

Unknown Location

søknader
3 søknader
visninger
23 visninger
Frist
Frist: 12 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

HR og organisasjon søker ein fagleg sterk jurist som vil kombinere arbeidsrett med breidda i HR-faget. Som HR-jurist hos oss får du bruke den juridiske kompetansen din i arbeidsrettslege problemstillingar, personalsaker, omstilling og leiarstøtte, samtidig som du bidrar i andre HR-oppgåver ut frå behova i organisasjonen.

Du blir ein del av eit tverrfagleg HR-miljø med erfarne og kunnskapsrike kollegaer innan HR, HMS, leiarutvikling og innovasjon. Vi jobbar tett saman, deler kunnskap og løyser oppgåver på tvers av fagområde. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å vidareutvikle fagområdet og høve til å påverke utviklinga av Nav Vestland.

Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for å gjennomføre arbeids- og velferdspolitikken i fylket, og har styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret held til i Bergen og består av om lag 45 tilsette fordelte på fire avdelingar: HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester samt økonomi og analyse.

Arbeidsoppgåver

  • retteleiing og leiarstøtte i arbeidsrettslege problemstillingar
  • rådgiving i personalsaker og omstillingsprosessar
  • arbeid med medbestemming, konflikthandtering og anna relevant avtaleverk
  • skrive saksframlegg, utgreiingar og beslutningsgrunnlag
  • bidra i formidling, opplæring og kompetanseheving innan arbeidsrett og HR
  • handtering av personvernspørsmål på HR-området
  • delta i varierte HR-oppgåver saman med resten av HR-teamet

Kvalifikasjonar

  • Stillinga kan innplasserast som rådgivar eller seniorrådgivar etter kompetanse og erfaring.
  • Felles for begge rollene er at du må ha fullført master i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen som gjer rett til å bruke tittelen jurist. Dersom du har utanlandsk utdanning, må du ha godkjenning frå advokattilsynet for å bruke tittelen.
  • God formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Gode digitale ferdigheiter
  • For tilsetting som rådgivar må du i tillegg ha kunnskap om arbeidsrett og kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
  • For tilsettingsom seniorrådgivar må du i tillegg ha god arbeidserfaring frå oppgåver innan arbeidsrett
  • Erfaring med juridisk rådgiving og rettleiing til leiarar eller andre avgjerdstakarar
  • Erfaring med relevant lov- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg trygg og forklarer juridiske reglar på ein enkel og forståeleg måte
  • Du trivst med samarbeid, rettleiing og kunnskapsdeling
  • Du er strukturert og klarer å prioritere mellom løpande oppgåver
  • Du finn løysingar på komplekse problemstillingar og trivst med å veksle mellom operative og strategiske oppgåver

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstid
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar (lønn frå kr. 680 000 til kr. 780 000) eller 1364 seniorrådgivar (lønn frå kr. 780 000 til kr. 880 000), vurdert etter kvalifikasjonar og kompetanse. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn ut over lønnsspennet vurderast.

Søknad

Vi ønsker å gjere søknadsprosessen enklare og meir relevant. Du treng derfor ikkje å skrive søknadsbrev. I staden ber vi deg om å sende inn ein oppdatert og utfyllande CV, og svare på nokre korte spørsmål om erfaringa di og kompetansen din.

Krav

  • Fullført master i rettsvitenskap eller juridisk embetseksamen
  • God formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Gode digitale ferdigheiter

Ferdigheter

arbeidsrettjuridisk rådgivingavtaleverklovverkpersonvernHR

Lønn

lønn frå kr. 680 000 til kr. 780 000 (rådgivar) eller frå kr. 780 000 til kr. 880 000 (seniorrådgivar)

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvor mange stillinger har Nav lyst ut de siste 90 dagene?

Nav har lyst ut 76 stillinger de siste 90 dagene.

Se andre stillinger fra bedriften
Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 32 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Lignende jobber

Se alle
Høgskolen i Østfold logo

Høgskolelektor i spesialpedagogikk

Høgskolen i Østfold · B R A veien 4, 1757 Halden

3 søkere60 visninger9 dager igjen
  • spesialpedagogikk
  • undervisning
  • forskning
  • utvikling
  • digital kompetanse
  • +3 til