
Ekstrahjelp kreativ event
Bearly Creative · Gravarsveien 7, 4306 Sandnes, 4306 Sandnes
- Koordinering
- Kundeservice
- Organisering
- Teamarbeid
Logg inn for å bruke Auto-Apply
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Brenn du for film, TV og audiovisuell innhaldsproduksjon, og har du lyst til å føre kompetansen din vidare til dei som skal forme framtidas medieproduksjon? Då kan dette vere stillinga du har venta på.
Ved Høgskulen i Volda (HVO), Avdeling for mediefag (AMF), har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling i film og medieproduksjon knytt til masterprogrammet Master in Media Practices (MMP), med oppstart 1. januar 2027 eller etter avtale. For rett søkjar er det mogleg å avtale ein redusert stillingsprosent, slik at ein kan halde fram med anna verksemd som er relevant for stillinga.
Medieyrka er i rørsle. Journalistar, kommunikasjonsrådgjevarar, animatørar, produsentar og dokumentarskaparar arbeider tettare saman enn før, og skiljelinjene mellom faga blir mindre tydelege. Som einaste institusjon i landet tilbyr Høgskulen i Volda ei praktisk-teoretisk mastergrad i medieproduksjon der studentar frå ulike medieyrke møtest på tvers.
Master in Media Practices er ei toårig mastergrad på 120 studiepoeng som gjev fordjupa kunnskap om medieyrket og forteljarformene i faget, saman med spesialisert innsikt i faktabasert medieproduksjon innanfor journalistikk, kommunikasjon, animasjon, produksjon og design. Her møtest fagfelta PR og kommunikasjon, journalistikk, grafisk design, animasjon og medieproduksjon i eit felles læringsmiljø, bygd rundt tema som er relevante for alle som skal arbeide profesjonelt i mediebransjen.
Samarbeid med arbeidslivet står sentralt, og både nasjonale og internasjonale aktørar ser til Volda når dei ønskjer praksissamarbeid. Studentane våre får arbeide tett på lærarar med brei røynsle frå medieindustrien heime og ute, og programmet held gode band til fagmiljø og kollegaer over heile verda. I løpet av studiet vel studentane anten ei teoretisk retning med skriftleg masteroppgåve, eller ei praktisk-teoretisk oppgåve med ein produksjon innanfor eige fagområde saman med ein skriftleg del.
Stillinga har eit særskilt ansvar for undervisning i filmfoto, og vi ser difor etter ein person som meistrar filmfoto og lyssetjing i alle situasjonar - ute på lokasjon, innandørs og i studio.
Søkjarar må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.
Ivar John Erdal, Dekan
Telefon: 90 91 95 96 | E-post: ivar.john.erdal@hivolda.no
Jon Harman, Programleiar bachelorgrad i medieproduksjon
E-post: jon.harman@hivolda.no
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn frå kr. 668 341 - 816 118 i stillingskode 1008 høgskulelektor ved Høgskulen i Volda
senior
Kilde: Enhetsregisteret
Høgskulen i Volda har lyst ut 11 stillinger de siste 90 dagene.
Det er lyst ut 1495 stillinger innen Kultur og kreative de siste 90 dagene.
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
Joplassvegen 11, 6103 Volda

Bearly Creative · Gravarsveien 7, 4306 Sandnes, 4306 Sandnes
Aberia Ung AS · Ekholtveien 114, 1526 Moss, Norge, 1526 Moss

Aberia Ung AS · Ekholtveien 114, 1526 Moss, Norge, 1526 Moss

GALLERI F 15 · Albyalléen 60, 1519 Moss

Østfold fylkeskommune, Seksjon for kommunikasjon · Oscar Pedersens vei 39, 1721 Sarpsborg

TV 2 · Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen

Øvre Eiker kommune · Unknown Location

BARNEHAGESENTRALEN AS · Unknown Location
Personalhuset · 1530 Moss, Norge, 1530 Moss, Sarpsborg

Steinerskolen På Eidsvoll · Løkenvegen 6, 2080 Eidsvoll