Om stillinga
Kvinnherad kommune søker ein strategisk og samlande assisterande kommunedirektør som ønskjer å bidra til vidare utvikling av kommunen som organisasjon og samfunnsaktør. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og vil vere ein sentral pådrivar i arbeidet med å sikre gode tenester til innbyggjarane.
Kommunen vår er kjenneteikna av storslått natur med fjord, fjell og variert kulturlandskap. Vi er ein aktiv samfunnsaktør med mange spennande utviklingsprosjekt, og vi ønskjer å leggje til rette for både næringsutvikling, gode oppvekstvilkår og attraktive bumiljø.
Hos oss vert du del av eit fleirfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse, godt samarbeid og støttande kollegaer, der vi jobbar saman for å levere gode tenester og utvikle kommunen vidare.
Arbeidsoppgåver
- Personal- og budsjettansvar for stabsressursar innan administrative og faglege støtte- og utviklingsområde.
- Overordna ansvar for kommunen sitt beredskapsarbeid, inkludert koordinering av heilskapleg beredskapsarbeid, utarbeiding og følgjing av overordna beredskapsplanar og styringsdokument.
- Sikre oppdaterte rutinar og varslingslister.
- Utarbeide tydelege og godt opplyste saksframlegg til politisk nivå.
- Delta aktivt i kommunedirektøren si leiargruppe med sektorovergripande ansvar og bidrag til strategisk utvikling.
- Følgje opp internkontroll og bidra til god styring og kvalitet i organisasjonen.
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning.
- Solid leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor.
- Erfaring frå strategisk leiing og organisasjonsutvikling.
- God forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og tillitsskapande leiar med gode samarbeidsevner.
- Skapa motivasjon og engasjement.
- Kan sjå heilskap, skape retning og gjennomføre endringar i samspel med andre.
- Arbeider strukturert og analytisk, samstundes som han har evne til å vere fleksibel og løysingsorientert i ein kompleks kvardag.
Vi tilbyr
- Tilsetjing etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KL.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
- 25 000 kroner i året av studielånet kan slettast etter eitt år i jobb.
- Kvardag i ein kommune med rik natur, gode friluftsmoglegheiter og livskraftige lokalsamfunn.
Søknad
Søk i dag.