- søknader
- 2 søknader
- visninger
- 40 visninger
- Frist
- Frist: 38 dager igjen
Logg inn for å bruke Auto-Apply
CV-treff
Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Preste- og samtaletenesta i Helse Bergen HF søker ein medarbeidar i ei 100 % fast stilling. Tenesta har døgnberedskap og er tilgjengeleg når det trengst, og bidreg i alle fagområda innan somatikk, psykisk helsevern og rus- og avhengigheitsmedisin. Medarbeidarar møter pasientar, pårørande og medarbeidarar i krevjande livssituasjonar, uavhengig av livssyn. Arbeidet krev stor grad av sjølvstende, fleksibilitet og evne til å tilpasse seg kvar enkelt situasjon. Det er eit teamarbeid der alle må ha evne og vilje til å dele faglege og personlege refleksjonar.
Arbeidsoppgåver
- Gje akutt krisestøtte til pasientar og pårørande når dei kliniske einingane ber om det
- Støtte sjukehuset sine medarbeidarar i ein krevjande kvardag og ved alvorlege hendingar
- Være tilgjengeleg for samtalar om det pasientar, pårørande og medarbeidarar ønskjer å snakke om, og gjennomføre ritual tilpassa situasjonen
- Arbeide i 5-delt vaktturnus med døgnberedskap og heimevakt
- Leie samtale- og refleksjonsgrupper og ta del i tverrfaglege samarbeidsforum med andre einingar i sjukehuset
- Undervise innan eige fagområde
- Deltakje i fagleg og personleg refleksjon i teamet og bidra til at vi tek vare på kvarandre og utviklar tenesta saman
Kvalifikasjonar
- Utdanning på masternivå, til dømes i teologi, diakoni, helsefag eller anna relevant utdanning
- Erfaring i å møte menneske i krevjande livssituasjonar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Relevant vidareutdanning innan til dømes krisehandtering, rettleiing, kognitiv terapi, eller pastoralklinisk utdanning er ønskeleg
- Erfaring frå arbeid i sjukehus eller annan helseinstitusjon er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du kjenner omsorg for og vil støtte menneske i vanskelege livssituasjonar, og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte
- Du møter menneske med interesse og respekt uavhengig av bakgrunn og livssyn
- Du har evne til å forstå og orientere deg i ein kompleks organisasjon
- Du samarbeider godt med andre faggrupper
- Du har god rolleforståing, er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit
- Du har forståing av og interesse for korleis menneske skapar meining og finn kjelder til håp i møte med livsendrande hendingar og livskriser
- Du toler å stå i uventa og krevjande situasjonar, og du kan arbeide sjølvstendig og saman med andre når det «kokar» og kjenner deg sjølv godt
- Du kan ta vare på deg sjølv
- Du er støtte for dine kollegaer og kan sjølv ta imot støtte
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt, utfordrande, variert og berikande arbeid i ein tverrfagleg kontekst
- Arbeid i ein stor organisasjon med høgt fagleg nivå
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø og kollegafellesskap
- Løn etter avtale
- Ei av dei beste pensjonsordningane i landet
Søknad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Krav
- Utdanning på masternivå, til dømes i teologi, diakoni, helsefag eller anna relevant utdanning
- Erfaring i å møte menneske i krevjande livssituasjonar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ferdigheter
Lønn
Løn etter avtale
600 000 kr per år
Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.
Erfaring
mid-level
Spørsmål og svar
Hvem er Helse Bergen HF?
- Stiftet
- 5. desember 2001
- Ansatte
- 14 685
- Hovedkontor
- Bergen
- Avdelinger
- 65 steder: Bergen, Tertnes, Isdalstø, Nesttun, Voss, Straume, Nyborg, Breistein, Norheimsund, Hagavik, Stavanger, Rådal
- Bransje
- Somatiske sykehustjenester
- Organisasjonsform
- Annet foretak iflg. særskilt lov
- Org.nr.
- 983 974 724
Kilde: Enhetsregisteret
Hvor mange stillinger har Helse Bergen HF lyst ut de siste 90 dagene?
Helse Bergen HF har lyst ut 71 stillinger de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger er lyst ut innen Helse og sosial de siste 90 dagene?
Det er lyst ut 11988 stillinger innen Helse og sosial de siste 90 dagene.
Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?
Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.
Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.
Slik finner du Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
