Autosøk
Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF logo

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

søknader
2 søknader
visninger
30 visninger
Frist
Frist: 13 dager igjen

CV-treff

Din CV?%

Kun forhåndsvisning — vi beregner hvor godt du matcher denne jobben så snart du har en CV. Legg til CV

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vi har no ledig 80 % fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar, p.t. på natt frå 01.03.2027. Vi ønskjer oss ein positiv og fagleg dyktige person som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønskjer oss ein kollega som er personleg eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Holde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
  • Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Obligatorisk kursing og trening i MAP
  • Delta aktivt i seksjonen si utvikling
  • Legemiddelhandtering
  • Stillinga inneber turnusarbeid

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Vidareutdanning innan psykiatri vil vere ein fordel. Det er ønskjeleg med erfaring frå psykisk helsearbeid, rus eller anna relevant arbeid, men det er ikkje eit krav. Søkjarar med anna aktuell helsefagleg utdanning kan vere aktuelle for vikariat. Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Førarkort kl. B er ønskeleg.

Personlege eigenskapar

Denne jobben kan tidvis vere krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiing du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskadar av dette, og det forventar vi at du toler å stå i. Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si avgrensning, og nok styrke til å trå til når det trengst. Du er nysgjerrig på fagfeltet, tør å stille spørsmål og er komfortabel med å bringe dine synspunkt inn til diskusjon med dine kollegaer. Vi jobbar i eit hektisk miljø og vi er avhengige av å ha tilsette som kan ta ei utfordring på sparket, og stole på seg sjølv. Du er positiv, ein god relasjonsbyggar og løysingsorientert slik at vi kan samarbeide godt både i eigen seksjon og på tvers med andre yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar. Du har stor arbeidskapasitet og god fysisk og psykisk helse då vi tidvis har pasientarbeid som er krevjande. Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar spesielt menn til å søkje.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Søknad

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Kontakt

Ingrid Ølander, Seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.no

Krav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Førarkort kl. B er ønskeleg

Ferdigheter

SjukepleiarPsykiatriLegemiddelhandteringMAP-treningKompetansehevingTverrfagleg samarbeid

Lønn

Løn etter gjeldande overeinskomstar

305 kr per time

Estimert lønn. Kan avvike fra lønnen arbeidsgiver tilbyr.

Erfaring

senior

Spørsmål og svar

Hvem er Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF?
Stiftet
3. mars 2011
Ansatte
7 420
Hovedkontor
Ålesund
Avdelinger
52 steder: Ålesund, Hjelset, Averøy, Molde, Kristiansund N, Volda, Elnesvågen, Valderøya, Batnfjordsøra, Isfjorden, Aure, Sykkylven
Bransje
Somatiske sykehustjenester
Organisasjonsform
Annet foretak iflg. særskilt lov
Org.nr.
997 005 562

Kilde: Enhetsregisteret

Hvor mange lignende stillinger er lyst ut de siste 90 dagene?

Det er lyst ut 84 lignende stillinger de siste 90 dagene.

Hvor mange stillinger etterspør hver av ferdighetene i denne annonsen?

Ferdighetene avgjør hvor mange stillinger du i det hele tatt kan søke på. Søylene viser hvor mange stillinger som er lyst ut de siste 90 dagene for hver enkelt ferdighet i denne annonsen — ikke bare her, men på hele Autosøk. De lengste søylene er ferdighetene arbeidsmarkedet etterspør bredest, og de er verdt å løfte fram øverst i CV-en og søknaden. De korteste er nisjeferdigheter: de gir færre treff, men også færre konkurrenter når de først etterspørres.

Én ferdighet med lav etterspørsel betyr ikke at annonsen er smal — den kan være det som skiller deg fra de andre søkerne.

Slik finner du Akuttpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Åsehaugen 1, 6017 Ålesund(omtrentlig plassering)

Lignende jobber

Se alle
Helse Fonna HF logo

Sjukepleiar/vernepleiar

Helse Fonna HF · Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

7 søkere73 visninger3 dager igjen
  • Sjukepleie
  • Behandling
  • Legemiddelhandtering
  • Observasjon
  • Dokumentasjon
  • +3 til

Er du vår nye sjukepleiar/ vernepleiar?

Sikkerhetspost Valen Sjukehus · Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

3 søkere59 visninger3 dager igjen
  • Sjukepleie
  • Behandling
  • Legemiddelhandtering
  • Observasjon
  • Dokumentasjon
  • +3 til

Er du vår nye helsefagarbeider?

Sikkerhetspost Valen Sjukehus · Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

4 søkere37 visninger16 dager igjen
  • Helsefagarbeidar
  • Psykiatri
  • Psykiske lidingar
  • Lovverk
  • Norskkunnskapar
  • +3 til