Autosøk

Ønskjer du å skaffa deg spanande og meiningsfull jobb på helg ?

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Stillingsbeskrivelse

Ønskjer du å skaffa deg spanande og meiningsfull jobb på helg?

Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune har ledige helgestillingar frå snarast.

Om stillingane

  • 15% - 30% faste stillingar.
  • Stillingane er i turnus, med variable vaktlengder, enten kvar 2., 3. eller 4. helg.

Om tenesta

Tilrettelagte tenester er for born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta for vaksne består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim. Tenesta for barn og unge er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim.

Arbeidsoppgåver

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Løn etter gjeldande avtalar.

Krav

  • Du må vere over 18 år.
  • Vi ønskjer primært studentar innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning.
  • Søkjarar med relevant utdanning eller erfaring vil bli vurdert.
  • Ufaglærte med interesse for å jobbe med menneske er velkomne til å søkje.
  • Du må vere bevisst dine haldningar og prioritere verdiar som respekt, lojalitet og etikk.

Ferdigheter

MiljøarbeidOmsorgsarbeidBrukarmedverknadEtisk refleksjonSamhandling

Erfaring

entry-level

Lignende jobber