Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Psykologspesialist
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein gruppepoliklinikk og ein eigen seksjon for angstbehandling (B4DT).
Vi skal no erstatte to av våre psykologspesialistar i vårt Tidleg Avklaringsteam. Kvardagen i teamet består av å møte pasientar der det er uklart kva tilbod dei skal til, og vurdere deira føresetnad for å nyttiggjere seg behandling. Den som blir tilsett har som oppgåve å få klarleik i dette gjennom kliniske vurderingar og konsensusmøte.
Arbeidsoppgåver:
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar.
- Spesialistansvar for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist.
- Rettleiing av studentar, psykologar og legar i spesialisering.
- Samarbeid med interne og eksterne instansar som NAV, skule og pårørande.
- Akuttarbeid og stabilisering ved behov.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som psykolog.
- Du må vere godkjend spesialist i klinisk psykologi med vaksne, eller ha kort tid igjen av spesialiseringsløpet.
- Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du må ha god fagleg vurderingsevne og evne til å arbeide målretta og strukturert.
Ferdigheter
Klinisk psykologiDiagnostiseringUtgreiingPsykoterapiVeiledningTverrfaglig samarbeid
Erfaring
senior