Vikariat ved Regionalt senter for kjønnsinkongruens - koordinator
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 1, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vikariat ved Regionalt senter for kjønnsinkongruens - koordinator
Regionalt senter for kjønnsinkongruens (RSKI) opna i 2024 i Helse Bergen, som ein del av desentraliseringa av tenestetilbodet til barn og unge med kjønnsinkongruens. Utviklinga av regionale tenester til pasientar med kjønnsinkongruens er ein nasjonal satsing og skjer i tett samhandling med dei øvrige regionale sentra og den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens ved Oslo universitetssjukehus (OUS).
Arbeidsoppgåver
- Greie ut og behandle pasientar i poliklinikk
- Foreldrerettleiing og familiesamtalar
- Arrangere kurs for pasientar og pårørande
- Delta i interregionale samarbeidsmøte med dei øvrige regionale sentra og den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens (OUS)
- Samhandle med kommunehelsetenesta, fastlegar og spesialisthelsetenesta
- Sikre god involvering av pasient- og brukarorganisasjonar
Krav
- Du må vere helsepersonell med norsk autorisasjon, for eksempel psykolog, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar eller klinisk sexolog.
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn, ungdom og unge vaksne med kjønnsinkongruens.
- Du må ha erfaring med tverrfagleg samarbeid.
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest ved tilbod om stilling.
- Du må ha gode norskkunnskapar.
Ferdigheter
Tverrfagleg samarbeidPasientoppfølgingForeldrerettleiingProsjektkompetanseKommunikasjonFagutvikling
Erfaring
mid-level