Autosøk

Bioingeniør

Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Stillingsbeskrivelse

Bioingeniør

Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra? Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.

Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år.

Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.

Kva går jobben ut på?

  • Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
  • Blodprøvetaking
  • Tapping og produksjon av blod
  • Enkle mikrobiologiske analysar
  • Delta i vaktordning

Kvifor skal du velje oss?

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som bioingeniør.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • Du må kunne jobbe nøyaktig og ha blikk for kvalitet også i travle periodar.
  • Du må ta initiativ og ha gjennomføringsevne for forbetringsarbeid.
  • Du må kunne kommunisere tydeleg og samarbeide godt på tvers av fag og roller.

Ferdigheter

AnalysearbeidBlodprøvetakingGenerell kjemiHematologiKoagulasjonBlodtypeserologiMikrobiologiske analysar

Erfaring

junior

Lignende jobber