Autosøk

Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast    med hovudvekt av langvakter

Alver kommune

Manger, 5936 Manger

Stillingsbeskrivelse

Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast med hovudvekt av langvakter

Me er på jakt etter vernepleiar eller sjukepleiar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Hos oss vil du ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga.

Om oss

Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er heimen til 3 tenestebrukere med ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestebrukarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestebrukarane og kvarandre.

Arbeidsoppgåver

  • Primærkontaktansvar, koordinering og oppfølging av tenestemottakarar.
  • Oppfølging av vedtak etter kapittel 9, dokumentasjon og evaluering.
  • Medisinsk-fagleg ansvar, observasjon og legemiddelhandtering.
  • Samarbeid med lege, spesialisthelseteneste og pårørande.
  • Praktisk bistand og målretta miljøarbeid som skapar tryggleik og struktur.
  • Utarbeiding, implementering og evaluering av tiltaksplanar.
  • Fagutvikling, systemarbeid og rettleiing av kollegaer.

Krav

  • Du må vere autorisert vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande minimum nivå B2.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må ha grunnleggjande IKT-ferdigheiter.
  • Politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Ferdigheter

MiljøarbeidLegemiddelhandteringDokumentasjon og evalueringTverrfagleg samarbeidRettleiingKapittel 9-oppfølging

Lønn

522 600 - 614 400 NOK

Erfaring

mid-level

Lignende jobber