Helgestillingar hos Fusa bu- og behandlingssenter
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Helgestillingar hos Fusa bu- og behandlingssenter
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.
Vi har fleire ledige faste helgestillingar med oppstart frå snarast. Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%).
Arbeidsstad
Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS:
- Miljøavdeling for personar med demens
- Buavdeling somatisk
- Korttids- og rehabiliteringsavdeling
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver
- Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon
- Bistå ved måltid / kjøkkenarbeid
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Spennande og engasjert fagmiljø
- God opplæring og rettleiing i aktuell avdeling
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Krav
- Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning.
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Du må kunne leggja fram politiattest.
- Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
- Du er fleksibel, samarbeidsvillig og har gode kommunikasjonsevner.
Ferdigheter
Pleie og omsorgHelsefagleg forståingKommunikasjonsevnerSamarbeidsevnerEtisk medvit,Praktisk hjelp og aktivisering
Erfaring
entry-level