Assisterande seksjonsleiar
Kirurgisk klinikk/ Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Assisterande seksjonsleiar ved Nasjonalt brannskadesenter
Nasjonalt brannskadesenter ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig 100% fast stilling som assisterande seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Vere vikar for seksjonsleiar.
- Ha delansvar for den daglege drifta.
- Turnus- og bemanningsplanlegging.
- Vere delaktig i fag og utvikling.
- Arbeidsoppgåver i forhold til personalet (Personalportalen, GAT, permisjonar etc.).
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon.
- Spennande arbeidsstad med høgt fagleg nivå.
- Triveleg og godt arbeidsmiljø.
- Fagleg og personleg utvikling og kurs.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Krav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav.
- Søkjarar må ha erfaring frå sjukehus.
- Ikkje-nordiske statsborgarar må dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3-nivå.
- Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest.
- Vidareutdanning innan intensivsjukepleie eller anestesisjukepleie er ønskeleg.
Ferdigheter
SjukepleieIntensivsjukepleieTurnusplanleggingRessursstyringGAT (vaktplanleggingssystem)LeiarutviklingTverrfagleg samarbeid
Erfaring
mid-level