Autosøk

Fagkonsulent

Haugesund

Rennesøygata 16, 5537 Haugesund

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger har vi ledig 3 faste fagkonsulentstillingar i 100 %. Vi utvidar og etablerar eit team i Haugesund som skal dekke senterets heimebaserte tenester i Fonnaområdet. Kvar dag arbeider vi for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1.
  • Utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen, foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel.
  • Ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker.
  • Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid.
  • Arbeide i team og samarbeide med tilsette i eit sterkt fagmiljø.
  • Rettleiing av foreldre og vitneførsel i nemnd og rettsinstansar.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ med gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø, gode moglegheiter for fagleg utvikling, varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for trening i arbeidstida.

Krav

  • Du må ha 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Du må ha relevant vidareutdanning (minimum 30 studiepoeng) i kombinasjon med erfaring frå barnevernfagleg arbeid.
  • Du må ha erfaring frå barnevernfagleg arbeid, inkludert arbeid med sped- og småbarn.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne samt god vurderingsevne.
  • Du må ha førarkort klasse B.

Ferdigheter

Barnevernsfagleg arbeidUtgreiing og kartleggingRettleiingSamspelobservasjonDokumentasjon og rapportskrivingTverrfagleg samarbeidUtviklingspsykologi

Lønn

520 000 - 700 000 NOK

Erfaring

mid-level

Lignende jobber