Autosøk

Spesialkonsulent/rådgjevar på museumsfeltet

FINN-kode

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Spesialkonsulent/rådgjevar på museumsfeltet

Vil du vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland? Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar museum som vil vere med å vidareutvikle ein av dei sterkaste museumsregionane i landet.

Arbeidsoppgåver

  • Førebu politiske saker og følgje opp vedteken politikk på museumsfeltet.
  • Planleggje og bidra i realisering av Samlingssentrum Vestland, eit fellesmagasin for musea i Hordaland.
  • Bidra til strategisk utvikling og regional samordning av museumsfeltet.
  • Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlingar, dialog og nettverksarbeid.
  • Forvalte og følgje opp regionale driftstilskot og kulturfondmidlar.
  • Delta i og bidra til regionale og nasjonale museumsnettverk.
  • Delta i utviklingsprosjekt og andre relevante oppgåver ved behov.

Vi tilbyr

  • Eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv.
  • Høve til å påverke utviklinga av museumsfeltet i Vestland.
  • Stillingstittel (rådgjevar/ spesialkonsulent) og løn vert fastsett etter kompetanse og erfaring.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Eit fagleg sterkt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø.

Krav

  • Du må ha relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå.
  • Du må ha dokumentert kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid.
  • Du må inneha førarkort for personbil klasse B.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid innan museum og kulturarv.
  • Det er ein fordel med erfaring frå rådgjeving, saksførebuing eller arbeid tett på leiing og politiske organ.
  • Du bør ha kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar.

Ferdigheter

Museumsfaglig arbeidProsjektledelseOffentlig forvaltningSaksbehandlingStrategisk utviklingNettverksbyggingNorsk skriftlig og muntlig kommunikasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber