Spesialkonsulent/rådgjevar museum
Kultur og folkehelse, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Spesialkonsulent/rådgjevar museum
Vil du vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland? Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar museum som vil vere med å vidareutvikle ein av dei sterkaste museumsregionane i landet.
Arbeidsoppgåver
- Førebu politiske saker og følgje opp vedteken politikk på museumsfeltet.
- Planleggje og bidra i realisering av Samlingssentrum Vestland, eit fellesmagasin for musea i Hordaland.
- Bidra til strategisk utvikling og regional samordning av museumsfeltet.
- Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlingar, dialog og nettverksarbeid.
- Forvalte og følgje opp regionale driftstilskot og kulturfondmidlar.
- Delta i og bidra til regionale og nasjonale museumsnettverk.
Vi tilbyr
- Eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv.
- Høve til å påverke utviklinga av museumsfeltet i Vestland.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fleksibel arbeidstid.
Krav
- Du må ha relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå.
- Du må ha dokumentert kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid.
- Du må inneha førarkort for personbil klasse B.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid innan museum og kulturarv.
- Det er ein fordel med erfaring frå rådgjeving, saksførebuing eller arbeid tett på leiing og politiske organ.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk.
Ferdigheter
Museumsfagleg arbeidProsjektleiingSaksførebuingOffentleg forvaltningStrategisk utviklingNettverksbygging
Erfaring
mid-level