Autosøk

Rådgjevar ved politisk sekretariat

Arbeids- og ansvarsområde

Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne

Stillingsbeskrivelse

Luster kommune har ledig ei spennande 100 % fast stilling som rådgjevar for politisk sekretariat. Vi søkjer deg som har interesse for politikk, lokaldemokrati og forvaltning. Som rådgjevar for politisk sekretariat vil du ha ansvaret for å legge best mogeleg til rette for den politiske aktiviteten i Luster kommune, og vere ein koordinerande ressurs for ordførar og kommunedirektør. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Bidra aktivt i planlegging, gjennomføring og oppfølging av all politisk møteaktivitet, med ansvar for dokumenthåndtering, innkallingar, referatføringar og oppfølging av politiske vedtak etter møta.
  • Utarbeide og følgje opp rutinar og system for den politiske aktiviteten og koordinering med administrativ leiing.
  • Gje råd og rettleiing knytt til politisk sakshandsaming og oppfølging av reglement.
  • Ha tett dialog med administrative leiarar og sakshandsamar knytt til politisk møtesekretariat.
  • Ansvarleg for gjennomføring av stortingsval, fylkesting- og kommuneval.
  • Gjennomføre sakshandsaming til råd, utval, kommunestyre og for administrativ leiing.
  • Delta i utvikling og digitaliseringsarbeid.

Om arbeidsstaden

Administrativ leiing held til i rådhuset lokalisert til tettstaden Gaupne, og med kort veg til nabokommunen Sogndal som også har flyplass.

Krav

  • Relevant høgare utdanning, gjerne juridisk eller samfunnsvitskapleg.
  • God kjennskap til offentleg forvaltning.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og relevant lovgjeving er ønskjeleg.
  • God rolleforståing og kjennskap til forholdet mellom politikk og administrasjon.
  • Du må ha interesse og forståing for politikk, lokaldemokrati og forvaltning.
  • Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Ferdigheter

Offentleg forvaltningSakshandsamingPolitisk forståingKoordineringDokumenthåndteringDigitalisering

Erfaring

mid-level

Lignende jobber