Denne jobbannonsen har utløpt
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Kort om stillinga
Me søkjer ein engasjert og motivert rådgjevar til ei spanande og variert stilling innan landbruk. Som rådgjevar vil du jobbe tett opp mot bønder/ skogeigerar og i samspel med andre aktørar innan landbruksnæringa. Du vil bidra til bærekraftig og god ressursforvaltning og vere med å utvikle landbruket i Voss.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og rådgjevingsoppgåver mot næringa
- Oppfølging av ulike tilskotsordningar
- Sakshandsaming etter særlovene i landbruket
- Utvikling av landbruket på Voss inn i framtida
- Avhengig av bakgrunn og kompetanse, kan oppgåver innan generell næringsutvikling i heradet vere aktuelt
Me tilbyr
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver med stor kontaktflate mot næringa
- Viktig rolle i utviklinga av landbruket på Voss
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og vilkår etter avtale
Krav
- Du må ha relevant høgare utdanning innan landbruksrelaterte fag.
- Realkompetanse frå rådgjeving i privat sektor eller offentleg forvaltning kan kompensere for manglande utdanning.
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk.
- Du må ha gode samarbeidsevner, men samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
- Du må vere målretta, strukturert, fleksibel og løysingsorientert.
Ferdigheter
Landbruksfaglig rådgjevingSakshandsamingTilskotsforvaltningNynorsk skriftleg og munnlegNæringsutviklingSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeid
Erfaring
mid-level