Autosøk

Fagarbeidar

Vi har ledig:

Skeismyra 2, 5217 Hagavik

Stillingsbeskrivelse

Vi har ledig:

100% vikariat frå 01.08.-31.12.2026

50% vikariat frå 01.08.-31.12.2026

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.

Arbeidsstad

Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2025-26 vil skulen ha om lag 300 elevar. «Saman om læring» summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.

Arbeidsoppgåver

Som fagarbeidar på Nore Neset barneskule skal du være til støtte i undervisninga for enkeltelevar og elevgrupper. Du skal samarbeide tett med dei andre tilsette på skulen, og bidra til å skape ein vi-kultur rundt arbeidet med elevane og dei føresette. Stillingane blir både i skulen og på SFO, inkludert ferieopen SFO.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Krav

  • Du må ha fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning.
  • Ufaglærte med interesse for arbeid med barn og unge vert også oppmoda til å søkje.
  • Du må kunne leggje fram politiattest i tråd med opplæringslova.
  • Du må vere ein trygg og raus person som møter alle barn med respekt og varme.
  • Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver.

Ferdigheter

Pedagogisk støtteSamarbeidsevnerInkluderingsarbeidRelasjonsbyggingBarn og ungeKommunikasjon

Erfaring

entry-level

Lignende jobber