Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Sjukepleiar-100% fast
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ein aktiv og innhaldsrik fritid? I Heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar, byggjer relasjonar og får bruke heile breidda av sjukepleiarfaget.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiarfagleg oppfølging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta
- Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen
- Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
- Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta
- Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
- Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, elevar og studentar ved behov
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde
- God opplæring og tett fagleg oppfølging
- Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving
- Gode lønnsvilkår med lokal stige og gode forsikrings- og pensjonsordning
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring frå pleie- og omsorgstenesta er ein fordel.
- Du må kunne arbeide strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
Ferdigheter
SjukepleieKliniske vurderingarMedikamenthandteringDokumentasjonTverrfagleg samarbeidRettleiing
Erfaring
junior