Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
2 faste tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Vatne
Vil du vere ein del av eit fagmiljø med høg kvalitet – midt i eit av dei vakraste områda på Sunnmøre? Distriktstannklinikken Vatne søkjer no to engasjerte tannlegar som ønskjer å bidra til gode og trygge tannhelsetenester for innbyggjarane våre.
Hos oss får du varierte og spennande arbeidsoppgåver, dyktige kollegaer og ein arbeidskvardag der du verkeleg kan gjere ein forskjell. Klinikken held til i moderne og trivelege lokale, og har i dag 3 tannlegar, 1 tannpleiar og 4 tannhelsesekretærar.
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- Etableringstilskot
- Flyttetilskot
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som tannlege.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner på norsk eller skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
- Du må trivast med å jobbe med og for menneske.
- Du må kunne jobbe effektivt og sjølvstendig.
- Du må ha gode samarbeidsevner, vere serviceinnstilt og løysingsorientert.
Ferdigheter
Lønn
Lønn etter avtale
Erfaring
mid-level