Autosøk

Barne- og ungdomsbibliotekar

Kultur, Stad kommune

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid

Stillingsbeskrivelse

Barne- og ungdomsbibliotekar

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling med oppstart hausten 2026. Vi leitar etter deg som er ein engasjert og utviklingsorientert formidlar, og som ivrar for å skape leselyst og leseglede blant born og unge!

Arbeidsoppgåver

  • Inngå i den daglege drifta av biblioteket og dei bibliotekfaglege tenestene, inkludert skranketurnus, publikumsarbeid og litteraturformidling.
  • Ha eit særleg ansvar for formidling og samlingsutvikling retta mot born og unge 0-19 år, både på og utanfor biblioteket.
  • Ha ei sentral rolle i Stad kommune si satsing på skulebibliotek, som rettleiar og ressursperson, i tett samarbeid med skulesektoren.
  • Besøkje skular, skulebibliotek og barnehagar jamleg.
  • Skape leselyst og leseglede gjennom formidling, arrangement og utstillingar.
  • Bidra til å gjere biblioteket til ein trygg og god møteplass.

Vi tilbyr

  • Eit bibliotek i utvikling.
  • Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule.
  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Krav

  • Du må ha bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning innan litteratur, språk eller pedagogikk.
  • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førerkort klasse B.
  • Du må ha gode IT-kunnskapar.
  • Du må ha god kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur.

Ferdigheter

LitteraturformidlingSamlingsutviklingPedagogikkArrangementsavviklingSosiale medium og marknadsføringIT-kunnskaparKommunikasjon

Lønn

Løn etter tariff

Erfaring

mid-level

Lignende jobber