Denne jobbannonsen har utløpt
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om avdelinga
Kommunalavdeling helse og omsorg i Voss herad søkjer engasjerte medarbeidarar som brenn for faget sitt og ønskjer fagleg utvikling. Hos oss får du høve til å påverka og vidareutvikla framtidas helse- og omsorgstenester.
Me arbeider kunnskapsbasert, med utgangspunkt i både forsking og erfaringskunnskap. Tenestemottakarane står alltid i sentrum når me planlegg og utviklar tilboda våre. For å møte framtidige behov har me eit særleg fokus på førebygging og tidleg innsats.
Om arbeidsstaden
Lundhaugen er eit bustadtilbod for personar med ulike funksjonsvariasjonar. Bebuarane har eigne leilegheiter med tilgang til fellesareal. Avdelinga har døgnbemanning med våken nattevakt. Ein del av stillingane inneber også arbeid i heimetenesta, sone vest, på kvardagar.
Me tilbyr
- 2 x 100 % faste stillingar frå 02.11.2026
- Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for nytilsette vernepleiarar
- Årsturnus
- Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4. helg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Eit fagleg miljø med fokus på utvikling og kvalitet
Arbeidsoppgåver
- Dokumentasjon i journalsystemet Aidn
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Sikra at lover, reglar og prosedyrar vert følgde
- Planleggja, gjennomføra og evaluera tiltak
- Samarbeid med brukarar og pårørande
- Halde seg fagleg oppdatert
- Delta i implementering av velferdsteknologi
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Du må ha gode digitale ferdigheiter.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Ferdigheter
Lønn
Løn etter kommunalt avtaleverk (med rekrutteringstillegg på kr 16 000)
Erfaring
mid-level