Autosøk

Maskinsjef Stårheim-Isane, pt. MF Selje

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

6777 Stårheim

Stillingsbeskrivelse

Maskinsjef Stårheim-Isane, p.t. MF Selje

Fjord1 har behov for vikarar som maskinsjef til sambandet Isane-Stårheim. Vi har ledig 100% stilling i 3-6 månader, samt 50% stilling i 3-6 månader.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter.
  • Vedlikehald etter AMOS-systemet og oppfølging av tryggleikstyringssystemet (ISM-koden).
  • Bidra til energieffektiv drift gjennom SEEMP-tiltak, energileiing og ISO 50001.
  • Opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt.
  • Budsjettering og bestilling av teknisk utstyr.
  • Føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Reinhald og brannførebygging.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
  • Ein fleksibel og familievennleg turnus (døgnskift).
  • Moglegheit til å vere med på ein spennande overgang til elektrisk drift frå 2027.
  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.

Krav

  • Minimum M3-sertifikat eller M4 med dokumentert 6 mnd fartstid etter utstedelse av M4 samt fullført Fagskule.
  • Gyldig sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Gyldig krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Gode skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
  • Søkar bør bu innan ein time frå sambandet.

Ferdigheter

Teknisk innsiktAMOS-systemetISM-kodenISO 50001LeiareigenskaparVedlikehaldsstyringEnergieffektivisering

Erfaring

mid-level

Lignende jobber