Autosøk

Dagleg leiar i ØkoRåd Fjord AS -- bli med på reisa vår vidare framover!

ØKORÅD FJORD AS

Sjøgata 4, 6770 Nordfjordeid

Stillingsbeskrivelse

Dagleg leiar i ØkoRåd Fjord AS

ØkoRåd Fjord AS er eit spennande miljø som driv med rekneskap, rådgjeving og utvikling for kundane våre. Vi har eit sterkt og positivt fagmiljø med rundt 30 dyktige medarbeidarar, og har kontor i Valldal, Ulsteinvik, Grodås, Stryn, Nordfjordeid og Sandane.

Vi har vore i sterk vekst og omstilling i seinare tid. Vi ventar at dette både vil halde fram og auke. For å vere med på å leie denne utviklinga, med dei moglegheiter og omstillingar dette ber med seg, ønskjer vi ein driftig og engasjert leiar som ønskjer å ta styringa over eit framtidsretta rådgjevings- og rekneskapskontor.

Oppdraget ditt er å:

  • Skape framleis god drift i ein organisasjon og bransje i rask endring.
  • Lyfte blikket og setje ei tydeleg retning for vidare utvikling.
  • Følgje med på teknologiske trendar innan bransjen og sjå kva moglegheiter det kan gje.
  • Drive utvikling og identifisere kvar digitalisering kan nyttast til det beste for selskapet og kundane.
  • Bidra til å byggje ein kultur der folk trivst, presterer og ønskjer å utvikle seg.
  • Vere tett på folk, kundar og samarbeidspartnarar, og gjennomføre avgjerder.

Krav

  • Du har leiarerfaring og har stått i utviklings- og omstillingsprosjekt før.
  • Du har gjerne erfaring frå rekneskaps- eller rådgjevingsbransjen.
  • Du evnar å kombinere menneskeforståing og gjennomføring.
  • Du er trygg nok til å vere tydeleg, og klok nok til å lytte.
  • Du har god innsikt i økonomi, marknad og leiing av kompetanseverksemder.

Ferdigheter

Strategisk leiingEndringsleiingDigitalisering og teknologiutviklingØkonomiforståingKulturbyggingRelasjonsbygging

Lønn

Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.

Erfaring

senior

Lignende jobber